Det har ikkje vore mykje aktivitet på framsida i det siste. Forumet vårt er mykje besøkt og nytta på diverse saker.
Men det pågår heile tida litt i bakgrunnen i klubben:
NORDFJORRITTET
- Vi er godt igong med planlegging av neste års Nordfjordritt. Vi prøvar heile tida å utvikle rittet vidare og der er fleire ting som vi har på gong.
- Mellom anna ser vi på å ta traseen gjennom sentrum. Der ligg det fleire variantar på trasee ut igjen av sentrum.
- Vi skal arrangere eit barneritt i sentrum på laurdagen. Dette skal vere eit ritt for dei aller minste til juniorklasse. A la «Tour for kids»
- Planlegge eit samarbeid med Gloppen Hotel om ein grillfest/bankett på kvelden
- mm
- Elles så må vi jobbe knallhardt framover for å få inn rette sponsorar til arrangementet. Dette er ein særs viktig jobb for at vi kan gjennomføre dette rittet. I tillegg er arbeidet med å skaffe funksjonærar godt igong
NORDFJORD ENDURO
- Vi har litt tankar rundt terrengsykkel/downhill-miljøet i klubben, der vi ser på potensialet for å få til eit enduro-arrangement. Løyper er besiktiga,men ikkje avklart løypetrasee.
DRAKTER
- Medlemane fekk høve til å bestille sjølve plagg frå Trimtex no i haust. Neste høve til dette blir nok til våren igjen.
- Klubben har kjøpt inn refleksvestar og refleksband til medlemane. Desse kan fåast hjå draktansvarleg Magne Moritsgård.
SPINNING
- Vi vil lage eit opplegg for spinning over nyttår. Meir informasjon om dette kjem etter kvart. Opplegget blir på same lest som tidlegare.
INTERVALLTRENING I AUSTREHEIMSBAKKEN
- Det har vore god aktivitet i bakken igjen no i haust. Tydelgvis hjelp julebordet på motivasjonen til medlemmene. Jørn har vore så raus at han inviterar til julebord hos seg sjølv til dei som kvalifiserar seg. Vi har eit oppmøte på 10 stk pr intervalltrening. Det er bra. Pr no er 10 kvalifisert for julebord(føreset oppmøte framover og)
- Lysbruk og refleksbruk har vore bra i år.
GRAN CANARIA
- Det blir tur til sydlegare strøk i mars neste år. Foreløpig er 10 påmeldt. Klubben har booka to leiligheter, der det er plass til fleire. Sjå forum for meir informasjon.
KURS
- NCF arrangerer trenerkurs, men ikkje i Region Vest no i haust. Dersom det er interesse for det, dvs minst 10 deltakarar så vil dei sette opp kurs i Bergen. Meld inn viss nokon er interessert