Drakter

Vi har som kjent jobba med å designe nye sykkeldrakter til klubben etter at vi skifta klubbnamn. Leverandøren no er trimtex.no. Det har vore ein stor jobb med designe ei drakt som skal vere godt synleg i trafikken,tiltalande og som skal skilje oss ut frå andre sykkeldrakter. Vi har vore gjennom svært mange design og fargekombinasjonar. No har vi landa på eit design som vi håpar at folk likar. Vi får tilsendt ein fargeprøve på grønfargen for å sikre oss at denne er den vi vil ha. Merk at grønfargen på draktene under er ikkje akkurat slik det vil sjå ut.

Vegen vidare er at medlemane skal få prøve ut storleikar på kolleksjonen. Så gjer vi klart til bestilling. Dette skjer ved at kvar enkelt tingar gjennom ein web-portal til Trimtex. Denne er typisk ope eit par veker. Då er det viktig at folk gjer seg ferdig med å bestille då. Meir info om dette kjem etter kvart. Draktene i pdf-format Innstilling valnemnd SSK 2014

Drakter