No er vi i sluttfasen på pumptracken på Myklebustflata. Det vil bli eit riktig flott anlegg der barn og vaksne kan bruke sykkelen sin aktivt. Banen kan ikkje takast i bruk før den har «sett seg» Den skal vatnast og saltast slik at den blir så hard og stabil som mogleg. Det vil difor vere gjerde rundt denne inntil vidare.
I helga vil det vere dugnad for å gjere oss ferdig! Har du høve til dugnad, er det berre å stille på laurdag kl 09:00.