Sundag 6.mars hadde vi årsmøte i Sandane Sykkelklubb. Vi møttes i Bano sine lokaler på Øyrane, der det vart servert pizza og brus/kaffe. Det vart ikkje behandla nokon andre saker enn dei reint formelle sakene eit årsmøte krev.
- Medlemskontigentane beheld vi på same nivå som vi alltid har hatt!
- Gro Pleym Iversen tok over for Magne Moritsgård i styret. Elles ingen endringar.
- Vi gjekk gjennom treningsplanen for herrane i 2016
- Diskuterte treningshelg i Kalvåg