Kategoriarkiv: Framside

Medlem 2023

Kontingent uendra frå tidlegare:

  • Enkeltmedlem born/ungdom: 100 (under 18 år)
  • Enkeltmedlem vaksen: 200,-
  • Støttemedlem: 100,-
  • Familie: 300,-

Faktura blir i år ikkje sendt på epost til aktive medlemmar.

Dersom du ømskjer å vere medlem kan du teikne medlemskap ved å betale inn kontingent til SSK’ konto 3705.07.87428 (bekreft betalt kontingent med epost til sandanesk@gmail.com)

Medlemsfordelar: inntil 20% rabatt på syklar og sykkelutstyr hos vår samarbeidspartnar Intersport Sandane, fellesturar/treningsleirar (etter avtale med styret).

Sesongen 2023

Vi vil ikkje ha faste dagar for fellestreningar i 2023 ettersom oppmøte på desse dagane (tysdagar og torsdagar) siste par-tre åra har vore dårleg.

På SSK’s Facebook-side vil det bli lagt ut informasjon, og meld deg gjerne inn i FB-gruppe for fellestrening der vi oppmodar om at dei som vil ha seg ei fellestreningsøkt.

Tilslutt vil vi tipse om å nytte Intersport Sandane til kjøp og evt service av sykkelutstyr!

Fellestrening 2022

Fellestreningane startar opp 5. april og blir som tidlegare år tysdagar og torsdagar. Oppmøte ved Intersport Sandane kl 17.00. Følg med på vår Facebook-side og meld deg gjerne inn i FB-gruppe for fellestrening der det blir annonsert endringar m.v.

Vi oppmodar elles til å nytte FB-gruppa til å invitere med andre når ein tenkjer seg på langturar utanom fellestreningane!

Tilslutt vil vi tipse om å nytte Intersport Sandane til kjøp og evt service av sykkelutstyr!

Sandane SK 2022

Årsmøte for 2021 vart avholdt 11. mars. Oppdatert årsmelding ligg her. Styret vart vedteke redusert frå 5 til 3 personar. Arne M, Henry og Ole Marius held fram 1 år til, medan Yngvill kjem inn som vara.

Kontingent uendra frå tidlegare:

  • Enkeltmedlem born/ungdom: 100 (under 18 år)
  • Enkeltmedlem vaksen: 200,-
  • Støttemedlem: 100,-
  • Familie: 300,-

Faktura er sendt på epost til aktive medlemmar i 2021. Du kan også teikne medlemskap ved å betale inn kontingent til SSK’ konto 3705.07.87428 (bekreft betalt kontingent med epost til sandanesk@gmail.com)

Medlemsfordelar: inntil 20% rabatt på syklar og sykkelutstyr hos vår samarbeidspartnar Intersport Sandane, rabatt på klubbkle, fellestreningar i sommarhalvåret, sponsing av startkontingent sykkelritt (inntil 1 pr medlem pr år), fellesturar/treningsleirar (etter avtale med styret).

Medlemskontingent 2021

Styret minner om betaling av kontingent til SSK’ konto 3705.07.87428 (bekreft gjerne betalt kontingent med epost til sandanesk@gmail.com)

  • Enkeltmedlem born/ungdom: 100 (under 18 år)
  • Enkeltmedlem vaksen: 200,-
  • Støttemedlem: 100,-
  • Familie: 300,-

Medlemsfordelar: inntil 20% rabatt på syklar og sykkelutstyr hos vår samarbeidspartnar Intersport Sandane, lån av utstyr og syklar, rabatt på klubbkle, fellestreningar i sommarhalvåret, sponsing av startkontingent sykkelritt (inntil 1 pr medlem pr år), fellesturar/treningsleirar (etter avtale med styret).

Årsmøte 21. mars 2021

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Sandane Sykkelklubb – søndag 21. mars kl. 18.00 (3. etg. Sandane Senter).

Medlemmer som ønskjer melde inn saker til årsmøtet må gjere dette til styret innan 8. mars. Sakliste og årsmelding blir lagt ut her før årsmøtet,

Det blir lett servering (pizza frå Mona Lisa). Minner om at kontingent for 2020 må vere betalt.

Årsmøte

Koronasituasjonen er så pass avklart no, at vi prøvar innkalling til Årsmøte for andre gong i år.

Stad: Kantina på Bano

Tid: Onsdag 10.juni kl. 1900.

Saker som medlemene vil ta opp på Årsmøte må meldast til styret seinast 1. juni. Saksliste blir publisert seinast 3. juni

Årsmøtet er avlyst

På bakgrunn av regjeringa og helsemyndigheiter sine drastiske nye tiltak i dag, har styret i SSK valt å avlyse/utsetje årsmøtet. Vi kjem tilbake med ny dato når vi veit meir. Idrettsforbundet har utvida fristen til å avhalde årsmøte i alle klubbar til 15.juni. Ordinær frist var 31.mars.

Årsmøte 2020

Det vert med detta kalla inn inn til årsmøte i Sandane sykkelklubb.

Fjæra Mat 21.mars kl. 1830.

Medlemer som ynskjer å melde inn saker til årsmøte må gjere dette til styret innan 8.mars

Etter åsmøte vert det middag. Eigenandel kr. 100,-. Påmelding til middag innan 13.mars

Fellestreningane har starta





Fellestrening herrar og damer:

Mandag (Stisykling) 18:00

Tysdag (landeveg) 18:00

Torsdag (MTB) kl 18:00

Laurdag kl 10:00 Langtur


Elles vil treningar utanom dei faste bli publisert på SandaneSK Facebook


Oppmøte fellestreningane er på Best-stasjonen på Dammen

Innkalling til ekstraordinært årsmøte / klubbkveld

  • Kven vil vere leiar?
  • Skal vi redusere styret frå 5 til 3 medlemer?
  • Kva skal til for å få fleire til å kome på fellestreningar?
  • Skal vi legge ned klubben?

Dette var spørsmål som var sentrale på årsmøte førre søndag. Vi er difor nøydde å kalle inn til eit ekstraordinært årsmøte.

Søndag 24.mars kl. 1800 på BANO.

Bugnande pizzabord

Sakliste:

  • Framtida til klubben
  • Val

-styret-

Opning av PumpTrack blir del av Europeisk mobilitetsveke

Sykkelklubben opnar Pumptracken laurdag 22. september, og arrangerer i samband med det mange aktivetar i og kring Myklebustflata. Dette avsluttar Gloppen Kommune si «Europeisk mobilitetsveke» som blir synleg heile komande veke

Det blir offisiell snorklipping av klubbmedlem Knut Roger Nesdal (som tilfeldigvis er næringssjef). Som vi veit har kommunen ein stor del av æra for at PumpTracken er komen på plass.

I tillegg er det rebusløp i nærområdet for dei minste og frå grillen serverer vi utsøkte grillpølser 0g sjølvblanda saft.

Tord Hafnor tar ungar/ungdom med inn i grovsyklingens rike – på guida tur i Langisane-området. Mange klubbmedlemer er ivirige på Swift-rullene sine, og vi riggar til eit fullt oppsett slik at alle som vil kan få seg ein sykkeltur til ein storby.

Då kryssar vi fingrane for at metrologane tar kraftig feil med sine dystre verutsikter. Vi oppmodar alle i klubben til å kome – i drakt 🙂

 

 

Grenserittet

 

4. august går terrengrittet «Grenserittet» i Halden.
Rittet går i år for 20. gong! Ein kan velje ulike distanser: 40 eller 80 km.
Påmelding kan gjerast via ‭ https://www.grenserittet.com/
Minst tre ryttarar frå SSK vert å sjå på startstreken. Dei fer i minibuss ned dit på fredagen. Dei har plass til fleire. Ta kontakt med «turoperatør» Dag Arne Eide, ‭958 12 790‬ for meir info viss du vil henge deg på.

God respons på flyktningsyklane

Mange har nok fått med seg gladsaka Sandane sykkelklubb hadde i sist Firda Tidend. Same dag kom denne hyggelege meldinga frå rektor ved Gloppen Opplæringsenter, Sonja Jordanger Loen:

Frå Svein Kristiansen sin FB-vegg

»Hei, ville berre seie tusen takk for sykkelgåva til dei einslege mindreårige ungdommane! Vart kjempeglad når eg las det i avisa i dag     Slike initiativ er verkeleg gull verdt! Hadde vore heilt fantastisk om ungdommane blei med og sykla i klubben. Og det at dei vert ynskte velkomne på denne måten er verkeleg flott. Kanskje nokon av dykk kunne ha invitert dei med på ein første sykkeltur også. Det er ofte den ‘dørstokk-mila’ og første oppmøte som er litt krevande for mange….ser vi….» 

I tillegg posta mangeårig STIL-leiar i ulike roller, Svein Kristiansen dette på veggen sin 

Draktlageret på flyttefot

Magne (t.h) overleverer draktlageret etter ti år med ansvaret. Magne har den gamle trøya, medan Bjørn Inge har fått på seg den med dei nye logoane på.

Etter 10 år som draktansvarleg for klubben har Magne Moritsgård fått avløysing. Han har hatt draktansvaret i mange år etter at han sjølv gjekk ut av styret.

– No kom det ei ei ny ladning frå Trimtex, og vi har også fått eit nytt styre, så eg tykte det var på tide å overlevere ansvaret til nokre andre, seier Magne. – Det har ikkje vore så veldig mykje kjobb, men ein skal ha ein plass å ha det, og det har eg eigentleg ikkje. Siste tida har eg hatt det på jobb på Frydenbø, og medlemene kunne ha henta nye drakter her.

Draktlageret blir no heime hos nestleiar i klubben, Bjørn Inge Solheim. – Eg har rikeleg med plass og med plassering i sentrum skal det også no vere enkelt å få henta seg det ein manglar. Draktlageret er berre eit suppleringslager for dei som øydelegg eller mister delar av drakta i løpet av sesongen. Hovudbestillinga er på våren og sommaren, og medlemene må bestille det dei treng i dei bestllingsperiodane. – Det vi har på lager, er kun meint for dei som har eit akutt behov, og det det går mest av  – shortsar og trøyer. Prisane er dei same som om ein tingar direkte frå Trimtex, så dette er kun som ein service for medlemene våre, seier Bjørn Inge.

Klubben vil med dette takke Magne for flott innsats med draktlageret gjennom alle desse åra.

Vi minner også om utslaget av draktene med dei gamle sponsorlogoane. Sjå tidlegare innlegg.

Billege drakter

Vi reknar med at alle som bestilte kle frå Trimtex i vår, har fått draktene sine.

Desse har ny design med Intersportlogo. Dei gamle hadde G-sport. Shortsar, hanskar og skotrekk er som før.Elite 2.0 sykkeltrøye herre

Klubben har også eit draktlager, og her sel vi no ut alle trøyene med dei gamle logoane til 400,-.

Ta kontakt med den nye draktansvarleg Bjørn Inge Solheim, bjorn.inge.solheim@gmail.com / 47453493

Pump pump pump din sykkel…

NO er (nesten) alt ferdigstillt i Sandane PUMPTRACK.

 Når vi til neste år får sådd grasplen rundt asfalten, blir dette eit topp anlegg.

Rett før ferien vart vegdekket pumpa ferdig med lekker fin asfalt over dei herlege kule kulane i anlegget. Så legg i veg og pump. Leik og nyt. Ta med deg barnet i deg og eigne og andre sine barn og barnebarn og leik i veg.

Det er mange som har vore aktive på dugnad for å få til dette lekre anlegget. Men ingen har stått på for dette som Per Erik Eimhjellen. Så eit trefaldig

PUMP for Per Erik:

PUMP-PUMP-PUMP og så det lange PUUUUUMP
???‍♂??‍♀??‍♂⛽

 

Etter ferien vil Sandane SK arrangere eigen aktivitetsdag på og i området rundt Pumptacket 15/9.

Fram til då kan de pumpe i veg medan de pugger teksten på denne:
https://youtu.be/J0aSTW-asx0

Jørgen Bergset

Årsmøte 2018

Sandane Sykkelklubb vil halde årsmøte søndag 11.mars kl. 18:00 i kantina på Bano.

Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet.

Agenda og sakspapirer vert sendt ut ei veke før årsmøtet

Vel møtt!

Styret i SSK

 

Bilderesultat for interval training cycle uphill funnyVi startar opp den tradisjonelle intervalltreninga i Austrheimsbakken i veke 37. Då er det tysdagene kl 19:00 som er hovuddagen for å skaffe seg klipp til gratis julebord. Vi har sagt at torsdagen òg kan nyttast for dei som absolutt ikkje kan på tysdagen. Jo fleire vi er samla jo «kjekkare» blir treninga.

Teljande oppmøte for å få gratis julebord er 11 av 14. Siste intervalldagen blir torsdag 15.desember. Julebord laurdag 16.desember

 

HUSK: GODT SYNLEG LYS PÅ SYKKELEN OG REFLEKSVEST

Skarsteinsætra opp på lørdag 9.september

Praktisk informasjon 2017
Påmelding
Frist : 07.09.2017 kl 23:59
Påmelding konkurranseklassar via skjema under fana «påmeldingskjema» – www.oldenil.no
Alternativt: Odd Kjetil Tonning tlf: 481 67 062, e-post: olden@outlook.com. Husk å gje opp sykkel eller løp, klasse, fødselsår og klubb.

Startkontingent:
Konkurranse kr 250,- ved førehandspåmelding. G/J 13-14 år kr 100,-. Familie kr 350,-
Etteranmelding for 100 kr tillegg, seinast 1t før start.
Trimklasse : kr 100,- . Familie kr 250,- Påmelding ved start.

NB! Lisens: forsikringsordning som gjeld sykkelklassane. Alle som ikkje har betalt heilårslisens til Norges Cykleforbund må betale eingongslisens i tillegg til startkontingenten. Eingongslisens kr. 50,-. Betalast saman med startkontingenten til Olden IL kontonr 3770 20 32211

Start:

9. september 2017
Olden sentrum mellom Bunnpris og Yris Kafe
Trimklasse u/tidtaking kl 11:00-12:00
J/G 13-14 år og klasse 70+sykkel/løp kl 12:30
15 år og over sykkel/løp kl 13:15

 

Premiering:
Medalje til alle deltakarar i konkurranse- og trimklasse.
Uttrekkspremiar på startnummer
Pokalar i kvar klasse. 1/3 premiering
Spurtpris v/1,2km. Kr 500,- til beste jente, gutt, dame og herre. (ikkje viss det skulle vere kun ein deltakar i klassen)
Kr 3.000,- for løyperekordar (ikkje i G/J 13-14år)
Kr 1.500,- til beste tid G/J/D/H

Kleiva Opp 2017

Arne Myklebust, Stig Svalheim og Svein Rune Aaland deltok på Kleiva Opp på søndag!

Stig Svalheim tok(som venta..) 1.premien. Han fekk til og med ny løyperekord: 27.10

Fine forhold på turen opp! Bilete viser samtidig pallen! Svein Rune 2.plass og Arne Myklebust 3.plass!

 

Photo

Kåring av klubbmester 2017 Sandane Sykkelklubb

Etter siste øving i klubbmesterskapet kan vi kåre vinnarane i klassane herrar,veteran og superveteren. Ingen damer kvalifiserte seg i år.

Herrar: Øystein Kristiansen

Veteran Henry Hammersland

Superveteran: Arne Myklebust

Vi gratulerar vinnarane. Premie vert delt ut på klubbkvelden fredag 20.oktober

Resultat langtempoen

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.7 menn sto klar idag til ein kamp mot klokka.
Masse trafikk og vegmerking på Austrheim gjorde det ikkje optimalt idag. Men Øystein Kristiansen var suveren idag!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Resultat:
1. Øystein Kristiansen 37:28(tangering av løyperekorden til Stig Svalheim!)
2. Per Erik Eimhjellen 38:28
3. Eirik TengesdalTengesdal 39:04
4. Henry Hammersland 41:20
5. Arne Myklebust 41:35
6. Jørgen Rolighed Bergset 42:10
7. Jon Husbø Hansen 48:04

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

 

Siste øving kklubbmesterskap: LangTempo

På torsdag er det klart for langtempoen. Påmelding frå kl 17:30

Løypa er den same som vi alltid har hatt. Start og mål på Vassenden, ved innkøyringa til Ryssdalen(Busshaldeplassen). Så går turen utover på E-39 til Andenes,der ein tar
av til høgre,sykler under brua og inn på gang -og sykkelvegen mot Sandane igjen(sjå detaljert kart under). Føl denne 100 meter før ein syklar inn på E-39 igjen. Totalt 25 km

MERK: No er det komen «rumlefelt» på E-39. Vær obs på dette!

Start kl 18:00

Påmelding frå 17:30

2 minutt intervallstart. Rekkjefølga blir fjorårets resultatliste, der siste mann startar fyrst.

Tempoutstyr er godkjent

Langtempo

Oversiktkart ved vending på Andenes. Ta av frå E-39 og ned under brua og inn på gang- og sykkelveg og inn i igjen på E-39.

 

Resultat Birkebeinerrittet 2017

Sandane Sykkelklubb hadde ein fin dag over fjellet idag! Fint vær, gode temperaturar og turre vegar!

Særs mange gode tider, der Stig Svalheim imponerte stort med ei tid godt under 3 timar: 2:53:26!

Øystein var nøgd med ny pers!

Øystein Sundal sitt bilde.

 

4.øving i klubbmesterskapet: Fellesstart

Fellestarten står på programmet! Løypa er som før.Start ved Best med følgebil. Feltet blir sleppt når vi kjem ut på E-39. Turen vidare går ut til Andenes. Der tek vi av til høgre, under overgangsbrua og vidare nedover til fjorden, der vi syklar nedstelinje inn at til sentrum. Ta til høgre i Flølokrysset og vidare gjennom sentrum og ut til Sande. Her skal vi opp Sandebakken og tilbake mot rygg og ned Ingolfbakken. Vidare syklar vi så til Søreide til der vegen går opp mot Eide. Målgang er ved Best. 36km totalt.
Påmelding frå kl 17:30

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.Over 80 sprekingar møtte fram i yr og regn på Nordfjordrittet Ung+Trim+Mini 2017 og satte fres og farge på sistedagen i Sandanedagane 2017.

Dei kunne velge av 4 ulike løyper. Både små og store kosa seg i løypa! I mål fekk alle medaljar,premiar, fruktsmoothie og sjokolademjølk.

G-Sport lodda ut ein sykkel til ein verdi av 4000 kroner.

Klasse 5a på barneskulen vann 3000 kroner for mest deltakarar av klassane i kommunen!

 

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

 

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

 

 

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Eidsfossen Grand Prix

Då er vi snart klar for det tradisjonsrike Eidsfossen Grand Prix! Tysdag 15.august kl 18:00 Påmelding  frå 17:30

Løypa er den same som førre år, der vi startar nede på Eide(nær golfbana) for å så å sykle mot Kleivedammen,ned Grasdalen,vidare ned til Eidsfossen og opp igjen til mål/startområdet. 4,1 km pr runde.  4 rundar for herrar, 3 rundar for damer/junior. 2 rundar for barn

Herrane startar fyrst og damer/juniorar/barn startar like etterpå.

Det vil vere løypevakter i Grasdalen og på Kleivedammen.

GP2

last ned

 

Sykkelhelg: Grenserittet og

Grenserittet med einaste SSKar: Øystein Sundal! Han har fått igjen for mange føremiddagsturar på sykkel i år!

Øystein Sundal sitt bilde.

Dag Arne Eide og Arne Myklebust var med på Sykkelenern på Oppdal! Dei og gjorde ein bra figur med 1. og 2.plass i klassa, sjølv med velt og skrubbsår!

 

Sommarnytt

Mange har kombinert sykkel og ferie. Nokon har berre trena litt, andre har sykla eit ritt eller to,mens nokon har sykla mange og laaaaaaange ritt!

JOTUNHEIMEN RUNDT Svein Rune,Jørgen,Harald og Arne Myklebust

    Trondheim-Oslo)  Svein Rune

 (Lillehammer-Oslo) Ingrid Fjellestad

 Øystein K og Håvard Holvik

oslo-paris_logo.png(1700 km!!!!!) Svein Rune.Vi gratulerer Svein Rune. Dette var imponerande!

 

Svein Rune Aaland sitt bilde.Oslo-Paris sitt bilde.

 

Ferie..

Bilderesultat for sykkelferie

Sjølv om det no snart er ferie for mange, så vil dei aller fleste ikkje legge sykkelskoa i skapet. Det er tid for mange ritt på grusveier og på asfalt! Klubben ynskjer alle lykke til med trening og ritt gjennom sommaren!

Klubbmesterskap-Langtempo

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.Tysdag 27.juni er det i utgangspunktet sett opp langtempo. På grunn av asfaltering/vegarbeid er det ikkje forsvarleg å ha øvinga no. Vi foreslår difor å flytte denne til hausten. Ny dato er ikkje sett. Då kan vi glede oss til strøken asfalt på heile strekninga!

Motbakkerittet Statoil-Austrheimstøylen

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.Motbakkerittet fra Statoil til parkeringsplassen ved Austrheimsstøylen. Soleklart raskest var Stig Svalheim på tida 25:02. Deretter kom Eirik Tengesdal inn på 27:10, Arne Myklebust på 29:22, Trond Midtkandal på 30:50 og Johnny Hauge på 31:50. Eirik og Johnny i herreklassen, Stig og Trond i veteranklassen og Arne i superveteranklassen. Trond stilte på MTB, resten på landeveissykkel.

Trondheim-Oslo / Lillehammer-Oslo

Sandane Sykkelklubb hadde to medlemmer på startstreken i år. Svein Rune AAland og Ingrid Fjellestad(Lillehammer-Oslo) Ingrid var med på laget Ladies Edition Race Team, som hadde mål om å slå rekorden på distansen. Det klarte dei med god margin. Dei sykla 19mil på 4:46.(5:09 var den gamle). Vi gratulerer!

REKORDLAG: Ladies Edition Race Team slo gjeldende damerekord med 22 minutter. Foto: Helge Langen

Svein Rune sykla med ein blanda gjeng frå nordfjord/sunnfjord. Dei kom inn på 17:28.

Hilde Kristin Aaland Mork sitt bilde.

Ritthelg

I helga er det både Nibberittet og Bergen Voss som står på programmet til SSK. Morten Oen reiser til Bergen for å sykle det tradisjonsrike rittet. Ein god gjeng reiser til Geiranger i morgon for å sykle Nibberittet. Stig Svalheim,Øystein Sundal, Arne Myklebust, Henry Hammersland,Trond Midtkandal og Jørn Lothe er påmeldt(Kan ikkje delta, pga velten han var involvert i på NFR, der han skada handa)

Vi ynskjer alle ein god tur!

Invitasjon – sosialt treff fredag 9. juni kl. 18

Nordfjordrittet er vel overstått og vi har all grunn til å feire oss selv for et flott gjennomført arrangement! Styret i SSK inviterer derfor til sosialt treff i Busperrstøva i Langedalen fredag 9. juni fra kl. 18 og utover. SSK stiller med drikke og grillmat m/tilbehør. Medbrakt drikke er ok!

Bompengeavgiften til Langedalen er 50 kr pr bil. Vi oppfordrer til samkjøring for de av dere som ikke vil sykle! Ta med bompengelapp, noter «overføring» og send bilde av lappen til Gro tlf. 992 843 48. SSK dekker bompengene.

Påmelding her på FB innen utgangen av onsdag 7. juni 2017!

Nordfjordrittet 2017

Nordfjordrittet er vel gjennomført og vi kan i år og vere stolte av det vi har fått til! Masse fine tilbakemeldingar frå ryttarane og folk elles! Tusen takk for all hjelp vi har fått!

Vi hadde mange medlemar på startstreken! Beste mann og kvinne vart Øystein Kristiansen som kom inn på solide 3:35:47 og Ingrid Fjellstad utklassa alle damene med tida 3:58:54. Vi gratulerer med særs sterke tider. Totalt hadde 4 medlemmer på pallplass i dei ulike klassane!

Firstname Surname Club Class Total Time2 Place Class Diff Winner Class Place Gender Diff Winner Gender Place Total Diff Winner Total
Øystein Kristiansen Sandane SK / SFE BIL M30-39 03:35:47 5 01:30 11 09:18 11 09:18
Arne Nesgård Sandane SK M40-49 03:41:41 6 13:42 18 15:12 18 15:12
Henry Arne Hammersland Sandane SK M50-59 03:51:59 2 10:13 29 25:30:00 29 25:30:00
Anders Vereide Sandane SK / Tine M20-29 03:53:55 7 27:26:00 32 27:26:00 32 27:26:00
Jørn Lothe Sandane SK M40-49 03:54:01 9 26:02:00 36 27:32:00 36 27:32:00
Per Erik Eimhjellen Sandane SK / SFE BIL M40-49 03:54:24 11 26:25:00 40 27:55:00 40 27:55:00
Alexander Moritsgård Sandane SK M20-29 03:55:01 9 28:32:00 44 28:32:00 44 28:32:00
Ingrid Fjellestad Sandane SK K40-49 03:58:54 1 00:00 1 00:00 57 32:25:00
Arne Myklebust Sandane SK M60-69 04:03:55 1 00:00 66 37:26:00 68 37:26:00
Morten Oen Sandane SK / Sfe M50-59 04:04:10 10 22:24 67 37:41:00 69 37:41:00
Svein Rune Aaland Sandane SK M50-59 04:09:06 11 27:20:00 72 42:37:00 74 42:37:00
Håvard Bergheim Holvik Sandane SK M17-19 04:14:48 3 42:20:00 84 48:19:00 86 48:19:00
Jørgen Bergset Sandane SK M50-59 04:21:44 20 39:58:00 107 55:15:00 111 55:15:00
Trude Elin Eimhjellen SANDANE K40-49 04:41:51 6 42:57:00 7 42:57:00 142 01:15:22
Yngvill Oen Sandane SK / Bano AS K40-49 04:42:30 8 43:36:00 10 43:36:00 146 01:16:01
Thor Horntvedt Sandane SK M60-69 05:12:31 16 01:08:36 187 01:46:02 202 01:46:02

 

 

 

Nordfjordrittet

 

Ikkje mange dagar til årets Nordfjordritt. Vi har jobba hardt lenge no for å få til dette. Det meste er under kontroll og påmeldingen er god. Sålangt er det 210 påmeldte. Vi håpar dette blir ein folkefest i sentrum og på Vereide. I sentrum blir det delt ut is frå DiplomIs, utdeling av NFR-buffer, trekning av gåvekort på G-Sport og drikkeflasker.

Vi ynskjer alle som hjelper til på dagen lykke til!

Vi oppmodar folk til å stille opp i sentrum og heie syklistane fram!

 

Jølster Rundt 2017

 

Førde CK arrangerte i år Jølster rundt for tjuande gang søndag 28 mai. Kristian Tjønneland stakk av med seieren på tida 1:58:11. På dei neste plassane kom Thomas Kristiansen Grønfur og Marius Haave på 1:58:29
Per Erik Eimhjellen var einaste SSKar som var med på årets JR. Langhelg og konfirmasjonar har nok skyld i det låge deltakar-antalet.

Han kom inn med pulja bak dei 4 som gjekk i brudd på veg oppover mot Vassenden.

Løypa

Resultatliste

 

 

 

Første øving i klubbmesterskapet 2017 er gjennomført. Johnny Hauge hadde bestetid for herrane. Yngvill hadde bestetid på damesida.Vi gratulerer! Kjekt at vi fekk ryttarar frå Breim med. Håper det fortset!

 

Klubbmestrskap 2017 Kort-tempo
Herrar Tid
Johnny Hauge 5,28
Per Erik Eimhjellen 5,36
Arne Nesgård 5,42
Alex Peveri 5,43
Eirik Tengesdal 5,46
Veteran
Jørgen Bergset 5,58
Henry Hammersland 6,37
Helge Løtuft 6,22
Superveteran
Arne Mykleust 6,1
Jon Husabø¸ Hansen 6,37
Thor Horntvedt 7,04
Damer
Yngvill Oen 6,44
Junior
Sivert Rauset 6,46

Ulsteinrittet 2017

Arne Myklebust, Henry Hammersland og Per Erik Eimhjellen reiste opp til Ulsteinvik for å sykle UlsteinNordea-rittet. Fine forhold rundt heile løypa.

Resultatlite:

Video

40-49år2121

5  29 NOR19761223 EIMHJELLEN Per Erik Sandane SK 1:50:41 0:05:3

50-59år

4  42 NOR19620525 HAMMERSLAND Henry Arne Sandane SK 1:50:54 0:00:15

60-69år

2  54 NOR19551116 MYKLEBUST Arne Sandane SK 2:00:25 0:00:2

Klubbritt: Kort-tempo

På tysdag 23.mai kl 18:00 går startskotet til 1.øving i klubbmeisterskapen! Kort-tempo. Løypa går frå SFE-bygget i Bukta(parkeringsplassen) og ut til Rygg.

  • Påmelding frå kl 17:30.
  • 3,9km lang.
  • Intervallstart
  • Alle over 10 år kan delta.
  • Fritt sykkelval

Barnetrening terrengsykkel

Idag hadde vi barnetrening terrengsykkel. Vi nytta pumptracken, samt vi lagde ei teknikk-løype der ungane fekk trent på balanse og svingteknikk.

Arne Nesgård,Jørgen Husbyn og Per Erik Eimhjellen var veiledarar.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Då har vi fått opp gjerde rundt pumptracken. Det som står igjen no, er å få på jord langs sidene rundt banen.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.Sandane Sykkelklubb sitt bilde.Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Klubbmeisterskap SSK 2017

Klubbritt Sandane Sykkelklubb 2017:

  1. Tysdag 23.mai Kort-Tempo SFE-Rygg
  2. Torsdag 8.juni Lang-tempo Vassenden-Andenes t/r.
  3. Tysdag 20.jun Motbakkeritt Austrheimstøylen
  4. Tysdag 15.aug Eidsfossen Grand Prix
  5. Tysdag 22.aug Fellesstart

Dei ulike klubbritt vert lagt inn i treningslista med eigen farge. Turliste 2017 m/klubbritt 

Som de ser har vi lagt nesten alle klubbritt (utan om langtempo) på tysdager.

Langtempo har vi lagt torsdag 8/6 slik at ein skal ha fått tid til å restituere seg etter Nordfjordrittet.

Dugnad pumptrack

Bilderesultat for grønt nettinggjerde

Laurdag 6.mai kl 09:00 skal vi sette opp gjerde rundt pumptracken. Vi bruker 200cm pålar som vi slår ned, før vi set på topp/bunnstreng for å halde nettinggjerdet(120cm høgt) på plass.

Oppmodar medlemmer til å stille på dette. Jo fleire vi er, jo fortare blir vi ferdig. Vi skal og legge på jord rundt kantane på banen. Her skal vi seinare legge ferdigplen.

Ta med hammer, påleslegge,avbitertang,spade, spett o.l

 

 

Sesongstart

Då var vi endeleg igang igjen! Nær 20 syklistar møtte opp idag. Heldigvis såg vi nye fjes på treninga; Martin Hamre og Jørgen Dølvik Husbyn. Vi ynskjer dei velkomen på treningane framover og!  Nokre med landevegsyklar, mens mesteparten hadde terrengsykkel. Jørgen Bergset tok asfaltgjengen med seg på tur utover mot Vereide. MTB-gutta gjorde det same,men med litt meir krumspring på stikkvegar her og der. Vi var bl.a ute i Vereideskogen,Anda(ned til Finnvika),Hjelmeset mm. Heimover på midtre og opp Ryssdalen og rundt til Best igjen.

Her ser du kor vi sykla: https://www.relive.cc/view/925309183

Sykkelhjelm

Norges Cycleforbund (NCF) har fornyet samarbeidsavtalen med Land Helmets. Gjennom avtalen vil landslagsutøverne benytte hjelmen ved landslagsrepresentasjon. Land Helmets kan tilby alle syklister tilknyttet en sykkelklubb en NCF-rabatt (30%) på klubbhjelm. Formålet og fordelen med en klubbhjelm er gjenkjennelsen av ryttere med hensyn til sikkerhet, dømming og enklere langing.
Land Helmets har utviklet et forslag til klubbhjelm for Sandane SK Sykkel som er tilpasset draktdesignet.
Noen klubber vil ha en hjelm tilpasset draktdesignet, andre vil ønske et design som skiller seg ut. På vår hjemmeside www.landhelmets.no har vi en konfigurator hvor dere kan gå inn og designe hjelmer helt på egenhånd, enten for klubber eller personlige. Når designet er bestemt, tilbyr vi å legge klubbhjelmen på vår hjemmeside hvor medlemmene selv går inn og bestiller hjelm. Det er ingen minimumsbestilling av antall hjelmer eller forpliktelse for klubben. Dere unngår oppfølging og blir ikke sittende på et lager av hjelmer.
Land Thalamus er en terreng- og landeveishjelm som er utviklet i samarbeid med terrenglandslaget. Fokuset har vært sikkerhet, passform, vekt og ventilasjon. Sluttproduktet har blitt en aerodynamisk og gjennomført hjelm, med gjennomgående positive tilbakemeldinger. For de som vil ha det lille ekstra finnes det også et spesialtilpasset ‘aero-cover’ som gjør at hjelmen også fungerer godt til temporitt. For ikke å glemme at det er et godt skydd på regnværsdager.
Med lager og monteringsenhet i Sandnes har vi kort leveringstid og fleksibel løsning for frakt og levering av hjelmene. For klubber som er medlem av NCF er det laget en rabattkode som gir deres medlemmer 30% avslag på klubbhjelmen (veil. pris 1499,- ). Kampanjekoden er NCF2017. Frakt er gratis på alle bestillinger over 500,- kroner.
Vi håper vårt tilbud kan være av interesse for dere og ønsker å følge opp med en telefon innen 1-2 uker. Har dere noen umiddelbare spørsmål er dere selvfølgelig velkomne til å ta kontakt før den tid.

Turliste herrar og damer 2017

2017 Sandane SK Turliste Felles

Oppmøte på Best-stasjonen på Kleivedammen

Mandager: Kl 18:30 Damer/Herrar Intervall Austrheimsbakken (Fritt sykkelval)
Onsdag:18:00 Damer (Landeveg)
Torsdag 17:00 Herrar (Landeveg)
Søndag: 09:00 Damer (Landeveg)
Søndag: 17:00 Herrar (MTB)

HUSK LYS PÅ SYKKELEN, FRAMME OG BAK
Refleksvest er òg bra!
Tenk tryggleik HEILE tida!

GOD TUR!

Treningsleir Gran Canaria

I morgon reiser 7 av medlemene våre ned til Gran Canaria på treningsleir. Gjennom veka kjem dei til å sykle rundt 670km med 13960 høgdemeter. Rundt 35 timar på sykkelsetet! SSK har basen heilt sør på øya, Maloneras. Her har dei ei leiligheit med plass til alle.

Breimsbygda Sykkel skal òg nedover. Dei har basen sin i Puerto Rico(eit par mil vest for Maloneras)

Vi ynskjer alle ein god tur og håper dei får ei flott veke i eit meir sykkelvenleg klima!

Gc

Gc

Alternativ rute på kviledagen for dei som ynskjer det.

Gc

Medlemskap

Årsmøtet vedtok å ikkje endre medlemsavgifta i år heller. Denne har vore på same nivå i 10 år no!

Satsane er:

  • Familiepris kr 300. Familie inneber inntil 2 vaksne med ubegrensa antal born t.o.m. det året dei fyller 18.
  • Enkeltmedlem vaksen kr 200
  • Enkeltmedlem barn/ungdom kr 100 (t.o.m. det året dei fyller 18)
  • Støttemedlem kr 100
    Innbetal aktuell sum for medlemskap i Sandane Sykkelklubb til kontonummer 3705.07.87428 Send deretter e-post til obtveit@online.no med namn og fødselsår på alle medlemar. Oppgje i same e-post namn på hovudmedlem og e-postadresse og mobiltelefonnummer til vedkomande.

Oppsummering årsmøte SSK

Då er årsmøtet for 2016 gjennomført og vi kan starte 2017-sesongen for fullt. Det var ingen innkomne saker utanom dei formelle som skulle behandlas. Nytt styre er på plass. Einaste endringa i styret er Jørgen Bergset, som no tar over for Ole Marius Gloppestad. Vi takkar Ole Marius for godt arbeid og ynskjer samtidig Jørgen velkomen inn som styremedlem!

Utanom gjennomgang av årsmelding og val, diskuterte vi litt 2017-sesongen.

  • Vi legg opp til å redusere antall treningar i turlista til herrane. Torsdag(landeveg) og søndag(MTB)
  • Damene skal ha same opplegg som i 2016,med unntak av at dei vil ha intervalltreningar i Austrheimbakken på mandagane. Onsdag(racer) og langtur på søndagane.
  • Styret kjem til å sette opp ei arbeidslister blant medlemmene på arbeid som klubben har gjennom året. Det vil seie:
    • arrangere klubbritt
    • arrangere ritt
    • arrangere julebord
    • administrere nettsider/facebook
    • administrere utlånssyklar/verkty/drakter
    • arrangere klubbkveld
    • mm

Då skal den/dei ansvarlege syte for at sitt ansvarsområdet vert gjennomført.

  • Mekkekveld på G-Sport så fort dette lar seg gjer. Typiske ting som skal ha fokus er:
    • Innstilling av gir
    • Skifte slangar/dekk
    • Reparere kjede
    • Justere bremser
    • mm
  • Oppstart fellestreningar vert søndag 2.april. Meir info kjem når turlista er klar.

Årsmeldingane finn det under menyen «Om klubben»

Årsmelding 2016

 

 

Lisens 2017

Her er informasjon rundt lisensregistrering:

 

Det er du som utøver som foretar din lisensregistrering gjennom denne web basert løsningen. Betalingsinformasjon mottas pr. e-post etter fullført registrering.

Som lisensløser må du betale alle medlems- og treningsavgifter til din klubb. Klubbens lisensansvarlig vil som tidligere godkjenne din lisens så fort tilhørende avgifter er betalt.

Du kan også selv registrere overgang til ny klubb gjennom løsningen. Dette gjøres ganske enkelt ved at du løser lisens med i nye klubbens navn. Lisensansvarlige i begge klubber må da godkjenne lisensen før endelig lisensbevis blir utstedt.

Lisens er obligatorisk for å delta i alle typer ritt. Den inneholder bl.a. en ulykkesforsikring for all trening og konkurranse på sykkel, eller trening med hensikt å bli en bedre syklist (også til/fra jobb), samt ulykker på reise til og fra sykkelritt. Andre fordeler er økt dekning av reiseutgifter ved skade og en romsligere dekning ved tannskader. Se lisensvilkår her.

I tillegg vil du sammen med din lisens for 2017 gis muligheten å tegne en utstyrforsikring gjeldende over hele verden. Valget finner du sammen med din lisensbestilling.

Det er ikke bare penger å spare på helårslisens, men den gir bedre dekningen og behandlingstilbud når ulykken er ute. NCF har registrert en nedgang i antall ulykker for klubbmedlemmer med helårslisens sammenlignet med engangslisensløsere. Ved å være medlem i en sykkelklubb vil man samtidig kunne ta del i klubbens tilbud med fellestrening og samhold, og gjennom dette bli en dyktigere og sikrere syklist.

Ønsker deg lykke til med videre sesongforberedelser.
NCF ved Thomas Dahlsrud

Prosedyren for lisensregistrering er som følger:

  1. Som mottaker av denne eposten kan du enkelt fornye din lisens med denne hurtiglenken som tar deg til et ferdig utfylt registreringsbilde.
    https://signup.eqtiming.no/direkte/c528b5f5509fe817e006ee6e5b585258
  2. Alternativt kan du bruke denne lenken for å åpne ordinær registrering. Det er viktig at man oppgir korrekt fødselsdato, kjønn og lisenstype.
  3. Umiddelbart etter registreringen vil faktura bli tilsendt til oppgitt epostadresse. Sjekk også søppelpost dersom fakturaen ikke mottas.
  4. Lisensansvarlig vil motta en epost om at du har registrert din lisens, slik at det er raskt og enkelt å godkjenne lisensen din. Hvis du tegner lisens under en annen klubb enn foregående sesong vil det også gå epost til lisensansvarlig i din gamle klubb, som godkjenner overgangen.
  5. Når lisensen er betalt, og godkjent av klubben(e) vil du motta en epost som bekrefter at lisensen er godkjent.
  6. Du kan deretter skrive ut ditt lisensbevis fra din Min Side, som du når med denne lenken. På Min Side din kan du foruten å laste ned lisensbeviset ditt også raskt melde deg på sykkelritt og andre arrangementer, og finne mange av dine resultater.

Klikk her for flere detaljer om løsningen.

Vi opnar pumptracken!

PUMPTRACK
Vi opnar no opp for sykling på pumptracken på Myklebustflata! Bana har fått tid på seg til å bli kompakt og stabil.

Men brukarane har eit ansvar å ta vare på bana:

  • Ikkje tillatt med grove dekk eller piggdekk!
  • Ingen ferdsel til fots i løypa!
  • Ingen harde bremsingar!
  • Foreldre med småbarn har eit særskilt ansvar med å passe på at ungane ikkje kjem inn på området her! Det er risikabelt når det er syklistar der. Samtidig skal det ikkje vere leik inne på området!
  • Ikkje kast boss inne på området! Bruk bossspann ved garderobebygget.

 

Sandane Sykkelklubb oppmodar alle brukarane om å tenkje tryggleik og å vere forsiktig!

 

GOD TUR!!
Mvh
Per Erik Eimhjellen
-leiar Sandane Sykkelklubb

Julebord 2016

På laurdag hadde Sandane Sykkelklubb julebord i STIL-stova! 18 medlemer var samla rundt bordet i år.  Damene i klubben hadde dekka og pynta lokalet til ein verkeleg fin kveld. Vi leigde inn discolys og julepynt frå handballgruppa, så alt låg til rette for eit bra julebord!  Tradisjonsmat levert frå Gloppen Hotel smakte særs godt.

Etter maten var det tid for ein quiz-runde. 28 spørsmål lokalt,regionalt og internasjonalt i alle variantar. Johnny stakk av med 1.plassen.

img_1528

 

Julebord for medlemmer

julebord12

Laurdag 10.desember

Kl 19:30

STIL-stova

Aperetif

Julemat(svineribbe/pinnekjøtt/julepølser m/tilbehør)

Quiz

Inngong 300kr/gratis for dei med 11 intervall

Påmelding innan 7.desember til

Per Erik 93 04 38 58

Ta med drikke sjølve

Nordfjordrittet 2017

logolargeb-2

Då kan styret i Sandane Sykkelklubb melde at Nordfjordrittet vert arrangert i 2017 òg! Dette gledar vi oss til! Vi er svært avhengig av å ha med folk som kan hjelpe oss framover. Vi kjem til å kontakte enkelte med arbeidsoppgåver.

Dato blir laurdag 3.juni 2017! Påmelding frå 1 desember. 

Pumptracken er ferdig!

Då er vi stort sett ferdig med pumptracen på Myklebustflata! Den vart veldig bra! På laurdag var vi over 20 personar som hadde dugnad. Tusen takk for all hjelp!

For dei som ikkje heilt veit kva ein pumptrack er, så er dette rett og slett ei sykkelløype med humpar og svingar som både vaksne og ungar kan nytte. I teorien treng ein ikkje å bruke pedalane,men ein skal bruke kulane og svingane til å «pumpe» seg framover.

Vi håpar at denne banen blir populær blant dei yngre og at dei vaksne kan utfordre seg sjølv i ei fartsfylt sykkelløype!

Førbels er bana stengt og inngjerda. Dette for at banen skal «sette» seg og bli så hard og stabil som mogleg før vi slepp innpå syklistar. Viss været tillet det kan vi opne om 14 dagar.

Vi vil oppfordre alle til å «passe på banen»! Vi ynskjer ikkje aktivitet som ikkje har noko med sykling å gjere her. Klatring på kulane og svingane vil øydelegge profilen på sykkelløypa.

Vil til slutt takke Roald Eidsheim i Rekkje Stiutvikling for glimrande hjelp, Grovsyklarlauget med Pål K Gimmestad i spissen, medlemane i Sandane Sykkeklubb, Folkehøgskulen, Henry Hammersland i Ramirent og Stian Solheim som vi fekk låne hageslangeuttaket av! Til sist må sjølvsagt nevne Gjensidigestiftelsen som har finansiert dette!

Offisiell opning av banen vil skje til våren

2016-10-22-15-08-56 2016-10-22-15-09-08 2016-10-22-15-09-12 2016-10-22-15-09-28

 

Klubbkveld

På fredag hadde vi klubbkveld i kantina på SFE. I overkant av 20 personar var med. Vi starta kvelden med eit glimrande foredrag av Ingrid Fjellestad. Ho er utdanna innan ernæringfysiologi, samstundes som er lidenskapeleg opptatt av trening. Ho lærte oss mykje om generelt kosthald og kosthald kobinert med trening/ritt. Trur vi alle fekk nokon aha-opplevelsar.

Etter foredraget om mat var det på tide å sette foredraget ut i praksis. Vi fekk servert god thai-mat med masse grønnsaker og magert kjøtt!

Det vart delt ut premiar i årets klubbmesterskap. Stig, Arne Myklebust og Henry Hammersland fekk kvar sin kaffikopp!

Vi hadde trekning av gåvekort til 2500 kroner til dei som hadde nok deltakingar på fellestreningar og klubbritt. Desse gjekk til Per Erik Eimhjellen, Arne Nesgård og Arne Myklebust. Desse kan velge gåvekort på G-Sport eller Trimtex.

Elles hadde vi diskusjonar rundt fellestreningar, klubbritt, sesongen 2017, treningsleir mm.

Vi hadde og gjennomgang av årets Nordfjordritt og korleis vi skulle angripe 2017-arrangementet.

2016-10-21-21-08-05 2016-10-21-21-09-42

Pumptrack

No er vi i sluttfasen på pumptracken på Myklebustflata. Det vil bli eit riktig flott anlegg der barn og vaksne kan bruke sykkelen sin aktivt. Banen kan ikkje takast i bruk før den har «sett seg» Den skal vatnast og saltast slik at den blir så hard og stabil som mogleg. Det vil difor vere gjerde rundt denne inntil vidare.

I helga vil det vere dugnad for å gjere oss ferdig! Har du høve til dugnad, er det berre å stille på laurdag kl 09:00.

2016-10-19-11-31-20

2016-10-18-09-56-57 2016-10-18-16-33-36

Opptur- Florø 15.november

Sparebanken Sogn og Fjordane iniviterar til foredrag i Florø

 

Stein Ørn – Kjent som trenaren til Aleksander Kristoff, i samtale med Mads Kaggestad.

Roy Hegreberg – Primus motor for Tour de Fjords som kjem til fylket i 2017.

Terje Rognsø – Florø Fotball i Obos ligaen – korleis var dette muleg?

Kristian Kristensen
– Songar og låtskrivar kjent for landeplager som «Kan du lære mæ» og «Lyset».

Stad: Flora Samfunnshus, Kinosalen, Florø kl 18.00

 

Påmelding

Meir informasjon

orn

Dugnad pumptrackbanen

DUGNAD PUMPTRACKBANEN
Vi er godt igong med bygginga av pumptrackbanen. Som varsla tidlegare må medlemmane i Sandane Sykkelklubb belage seg på dugnad til helga. Vi må vite kven som kjem. Meld inn så fort som råd er!! Bruk facebook eller mobil. Dugnaden startar kl 0900 på laurdag og søndag morgon. Jobben blir å bruke jernriver og grafser for å finpusse på sykkelbanen,samt bruke hoppetusse for å komprimmere sanden. Ta med redskap sjølv. Dvs jernriver og gravser. Vi må og ha eit par trillebårer.
Spørsmål kan rettast til Per Erik Eimhjellen 93043858

 

 

Klubbkveld

 

Neste fredag har Sandane Sykkelklubb gleda å invitere medlemar til sosialt samvær og fagleg input! Vår «eigen» Ingrid Fjellestad kjem og skal snakke om prestasjonsernæring. Ho er utdanna ernæringsfysiolog.

Tema ho kjem inn på er:

  • Praktiske råd og vegleiing for å legge til rette for maksimal prestasjon i trening og konkurranse
  • Diskusjon kring treningsprinsipp og ulike treningsformer

                                               

 

 

 

 

 

 

Program:

  • Velkomen
  • Ingrid Fjellestad: Ernæring- er det så viktig då?
  • Mat
  • Nordfjordrittet 2017: Tenk over kva du kan bidra med til neste års arrangement
  • Utdeling av premiar i klubbmeisterskap
  • Fellestreningar 

Vi treng å vite kor mange som kjem i forhold til matbestilling. Meld inn til Per Erik på mob 93 04 38 58 innan søndag 16.oktober

 

Vel møtt kl 19:00 i kantina på SFE

 

 

 

Intervall i Austrheimsbakken

Då er vi igong med intervalltrening i bakken på tysdagane kl 19:30. Alternativt for dei som ikkje kan på tysdagane er torsdagane til same tid.

Husk refleksvest og gode lys framme og bak. For dei som ikkje har vestar, så har klubben liggande vestar på lager. Snakk med Magne Moritsgård.

Vinnarar av klubbmeisterskapet 2016

Då kan vi telje opp samanlagt-resultat i klubbkonkurransen vår:

Herrar: Stig Svalheim 4 poeng

stig-svalheim

Veteran: Henry Hammersland 4 poeng

henry

Supervetran: Arne Myklebust 4 poeng

Vi gratulerar desse med strålande innsats! Dei viser stor kapasitet i alle disiplinar!

Oversikt resultat finn de her

Dei med 4 eller fleire teljande øvingar er med på trekninga av Trimtex klubbklede. Vinnarane av klassene får sjølvsagt den prestisjetunge Sandane Sykkelklubb-koppen!

 

Skarsteinsetra Opp 2016

skarsteins-opp16-jpg

Våt start på årets arrangement. Men veret betra seg oppover lia, med fin temperatur i målområdet. Grei deltaking i sykkelklassen totalt,men få medlemar som stilte på i klubbkonkurransen.Stig, Per Erik,Henry,Jørn,Arne M,Svein Rune og Øystein S stilde til start frå klubben.

Stig vann rittet 12 sekund framfor tidlegare veteran-verdensmester i tempo Jan Ove Standal! Stig kom inn eitt fattig sekund bak løyperekorden(som han òg gjorde i 2014)

Klassesigrar til Arne Myklebust,Stig Svalheim og Henry Hammersland

Fullstendig resultatliste på facebook

.2skarsteins-opp16

Siste øving i klubbmeisterskap: Motbakkeritt: Skarsteinsetra Opp

På laurdag er dte klart for Skarsteinsetra Opp. Dette motbakkerittet vil vi i år bruke som motbakkerittøvinga.

Unik motbakkekonkurranse der løpar og ryttar startar samtidig i Olden sentrum og konkurrerer om å kome først opp til Skarsteinsetra. Løypa er 4,6km og har ei stigning på 400 høgdemeter. Underlaget er asfalt i knappe 2 km, deretter grusveg og traktorveg. Trimklasse. Konkurranseklasse frå 13år. Mellomtid og spurtpremie. Godt premiert. Pengepremier for løyperekord i både løp og ritt, dame og herre.

PRAKTISK INFORMASJON
Dato: 10.september 2016
4,6km, 400 m stigning

Påmelding:
Frist: 08.09.2016 kl 23:59
Påmelding til: Per Muri tlf 414 07 772 , per.muri@enivest.net
Gje opp sykkel eller løp, klasse, fødselsår og klubb
Påmelding trimklasse ved start
Klassar: J/G 13-14 år, D/H 15-17år, 18-20 år, 21-29 år, 30-39 år, 40-49 år, 50-59 år, 60-69 år, 70+, trimklassen utan tidtaking

Start:
Olden sentrum mellom Bunnpris og Yris kafe
Trimklasse utan tidtaking: kl 11:00-12:00
Sykkel/løp J/G 13-14år og klasse 70+: kl 12:30
Sykkel/løp D/H15 år og over: kl 13:15

Startkontingent:
Trimklasse kr. 100.
Familie trimklasse kr. 250.
Konkurranseklassar J/G 13-14år kr. 100.
Konkurranseklassar D/H 15år og over kr. 250.
Familie konkurranseklasser kr. 350.
Etteranmelding for 100kr i tillegg, seinast 1t før start.

NB! Lisens: forsikringsordning som gjeld løpsklassane. Alle som ikkje har betalt heilårslisens til Norges friidrettsforbund må betale eingongslisens i tillegg til startkontingenten. J/G 13-14år: kr 20,-. Klassar 15 år og eldre kr. 30,-. Betalast saman med startkontingenten til Olden IL kontonr 3770 20 32211
Premiering:
Spurtpris kr 500,- etter 1,2km (Skarsteinstunet). Gjeld for beste dame/jente, mann/gut i både sykkel og løp. Det vert ikkje delt ut spurtprisar dersom det skulle vere berre ein deltakar i klassen.

Løyperekordar kr 3000,- (Det vert ikkje delt ut prisar for løyperekordar i klasse J/G 13-14år)
Pokalar i kvar klasse 1/3 premiering
Medalje til alle deltakarar i konkurranse- og trimklasse
Utrekkspremiar på startnummer
Løyperekordar løp:
H: Helge Hafsås 22.40(2012), D: Merete Helgheim 25.57 (2013), G13-14år Youri Van der Werve 26.25 (2013), J13-14år: Kari Alsaker 38.04 (2014)
Løyperekordar sykkel:
H: Erlend Eide 18.42 (2013), D. Ingrid Fjellestad 24:30 (2015) G13-14 Even Nesgård 24.38 (2013), J13-14: ingen

Alperittet 2016

Stig Svalheim,Arne Myklebust,Svein Rune Aaland og Jørgen Bergset sto på startstreken i år. Stor forvirring for løypevaktene og dårleg skilting førte til at mange sykla feil. Både Stig og Arne vart dirigert feil, så tidene må ein ta med ei klype salt. Men uansett med å ha tapt masse tid, så vann Stig og Arne klassa si. Stig fekk 6.plass totalt. God innsats av alle saman.

alperittet16

Intervalltrening i Austreheimsbakken i haust/vinter

Bilderesultat for interval training cycle uphill funny

Vi startar opp den tradisjonell intervalltreninga i Austreheimsbakken i veke 37. Då er det tysdagene kl 19:30 som er hovuddagen for å skaffe seg klipp til gratis julebord. Vi har sagt at torsdagen òg kan nyttast for dei som absolutt ikkje kan på tysdagen. Jo fleire vi er samla jo «kjekkare» blir treninga.

Teljande oppmøte for å få gratis julebord er 11 av 14. Siste intervalldagen blir torsdag 15.desember. Julebord laurdag 17.desember.