Kategoriarkiv: Framside

Referat frå Ålesundsrittet

IMG_0817Malene Hauge, Gunhild Nesgård, Even Nesgård og Ruben Alsaker deltok på Ålesundrittet i dag. Og for en dag det ble for Sandane SK! Det var litt dramatikk før start da Ruben ikke fikk godkjent sin sykkel i vekt og girkontroll, men vi fikk det til 5 minutter før start og Ruben var happy for å stille på startstreken.

Følgende resultater:
Ruben vant sin klasse 15-16 år etter hard kamp rundt Emblemsfjellet. Med sine kraftige lår spurtet han friskt etter 40 km fra hans argeste konkurrenter. De var tre stykker som etter få 100 meter gikk i brudd og holdt helt inn. For en mann!! Han har ekstreme ferdigheter!

Gunhild vant sin klasse 11-12 som eneste deltager. Hun ble fort hektet av feltet og kjørte solo inn i motvinden, men holdt et meget bra driv i 20 km løypa.

Malene kom på 2. plass!! Hun klarte å henge med i sin pulje og var helt klart en av de sterkeste, det gikk litt for seint for henne av og til uttalte hun. Sterkt av Malene som ikke har syklet så mye tidligere!!

Even hadde en meget hard fight med 5 andre i sin klasse. To ryttere drog i fra ved vending etter 10 km, dermed var det en durabelig kamp om 3. plassen. Det endte med spurtoppgjør mellom han og en ålesundrytter. Litt taktisk bommert gjorde at han ikke maktet å vinne spurten, men Even var nok den sterkeste av de to. Meget god start av gutten min også som kom på 4.plass.

Alt i alt var det utrolig kjekt å være på tur med ungdommen. Vi skulle gjerne vært med opp Utviken, men det får vi ta igjen en annen gang.

Hilsen Arne

 

IMG_0821 IMG_0824 IMG_0826 IMG_0828

Utviken Opp

Kjempefine forhold på klubbrittet Utvikfjellet Opp i går. På startstreken sto 12 ryttarar.  Stig Svalheim var suveren med ei tid på 22:09, 1:40 føre nestemann Dette gir ein snittfart på heile 19km/t. Den mannen er i rute til sesongen! Ekstra kjekt er det at dei unge stiller på! Mats Solli Eide, Andreas Rauset og Eirik Rauset gjorde det svært bra!

Resultat finn de her

Bilder finn de her

Ålesundsrittet 2014

Kjempegode resultat av våre unge lovande i Ålesundsrittet i helga!

Ruben Alsaker gjorde reint bord i klassa M 15-16år! Han var 19 sekunder raskare enn andremann på den 40 km lange strekninga. Ei kjempeprestasjon av den lovande ryttaren!

Gunhild Nesgård vann og klasse K 11-12år!

Malene M Hauge kom på ein sterk andreplass i klassa K 13-14 år

Even Nesgård kom inn på 4.plass i klassa M 13-14 år kun 37 sekund bak vinnaren!

Vi gratulerer alle saman med kjempegode resultat!

Fullstendig resultatliste

Utvikfjellet Opp

Søndag kveld 11. mai arrangerer vi treningsrittet Utvikfjellet Opp.
Rittet er ope for alle, også dei utanfor Sandane Sykkelklubb!

Start ved E39-krysset på Byrkjelo (ca kl 18:45) og mål på toppen av Utvikfjellet; ca 7 km og 500 høgdemeter.
Fritt val av sykkel, men det er som kjent fast dekke på denne vegen.
Informasjon om påmelding kjem snart.
Øystein K. stiller med følgjebil, og tek med kle og ‘stash’ frå startområdet og opp til mål.

Frå Sandane møtest vi ved Best kl 18, som ei vanleg søndagstrening, og syklar vidare til Breim.
Dei som vil gjennomføre vanleg MTB-trening syklar til Reed og opp på Utvikfjellet, og avtaler der nærare avstikkarar på grusvegane der oppe.
Så tek vi sikte på felles samling på Utvikfjellet med litt gratis mat og drikke, og nokonlunde samla sykling tilbake til Sandane.
Hugs lys og refleksvest for tunellane!
——–

Vil bruke dette rittet til å teste systemet vi skal bruke for tidtaking under Nordfjordrittet Ung
Ingen garanti om at alt går som planlagt, så de som stiller oppfordres til å ha kontroll på tiden selv og.

Påmelding innen søndag 12:00, men vær grei og legg inn så tidlig som mulig

Påmelding her:

ELLER direkte til meg, for de som allerede ligger med påmelding til Nordfjordrittet
Send meg da Fornavn, Etternavn, Fødselsdato til oysteinkr(at)gmail.com

Resultater blir tilgjengelig på web umiddelbart etter målpassering.

Arrangementet er selvsagt gratis, selv om påmeldingslink over er tilpasset et betalingsarrangement.

Påmelding er ikke bindende, dvs er du ikke 100% sikker på deltakelse, så meld deg heller på nå, fremfor å møte opp på Byrkjelo rett før start med ønske om påmelding. Påmelding der oppe vil også være mulig, men ønsker å begrense dette til et minimum. Alle deltakere som vil ha resultat på nett må sykle med startnummer foran på sykkel, slik at jeg kan punche dette inn ved målpassering. Dette blir delt ut på Byrkjelo

Vel møtt! Både damer, herrer, og juniorer.

Løyperekorden fra forrige runde i 2012 er ca 23:40, satt av super-Stig.

Sjå forum SSK for nærare informasjon

Vel møtt!

Klubbmeisterskap kort-tempo 2014

Endeleg var vi igong med klubbmeisterskap igjen! Både damer,juniorar og herrar, ialt 19  sloss mot klokka idag. Forholda var fine med nesten tørr asfalt,god temperatur og lite vind.

Dameklassa vart vunne av Yngvill Oen,herreklassa Per Erik Eimhjellen, Magne Moritsgård vann veteranklassen og vårt nye medlem frå Nordfjordeid Ruben Alsaker vann juniorklassa. Superveteranklassen vann Jon H Hansen. Vi gratulerar!

Det var svært jamne tider i alle klassane, så spenninga var ikkje over før alle var i mål. Spesielt kjekt er det at dei unge stiller opp!

Løyperekorden til Johnny Hauge står enno på 5:22

Bilder finn de her

IMG_6771

Resultat kort-tempo
Herrar Tid
1 Per Erik Eimhjellen 05:30
2 Stig Svalheim 05:34
3 Jørn Lothe 05:36
4 Arne Nesgård 05:39
5 Ole Marius Gloppestad 05:46
 6  Mats Sollid Eide  06:34
 7  Andreas Rauset  05:59
 Veteran1 Magne Moritsgård 05:35
2 Henry Hammersland 05:51
3 Arne Myklebust 06:16
4 Helge Roska 06:17
Damer
1 Yngvill Oen 06:44
2 Marit Skinlo 07:08
3 Ragnhild Sollid 07:10
Junior
1 Ruben Alsaker 05:52
3 Eirik Rauset 06:43
4 Even Nesgård 06:59
5 Simen Rauset 07:32
Superveteran
1 Jon Husabø Hansen 06:44

Oppmøte fellestreningar

Styret har tatt ei avgjerd på at laurdagstreninga tel som godkjende oppmøte. Dette vil ha tilbakeverkande kraft og dei oppsette laurdagstreningane fram til ferien tel. Fortsatt så gjeld 20 oppmøter for trøye og 30 for trøye&shorts.

 

Kort-Tempo

Tysdag 6.mai er det igjen klart for klubbmeisterskap. Då står kort-tempo på programmet. Løypa går frå SFE-bygget og ut til Rygg. Løypa er 3,9 km. Påmelding ein halvtime før start kl 18:00.

Gjengen som deltok ifjor

Nytt terrengsykkelritt for barn/ungdom

Lørdag 24.mai 2014 kl 16:00 Påmelding ein halvtime før start.

Start: Åsebø

Mål: På grusvegen ovanfor Nedrebø på Andenes

Løypa går på traktorvei, sti og grus. Den er ganske vanskelig i enkelte partier, men ALLE kommer igjennom. Det er lov å gå av sykkelen og trille nedover. Alle er vinnere!
Foreldre oppfordres også til å være med å sykle sammen med barna om de tør…..;) Kake og saft i målområdet.

Invitasjon og info:Terrengsykkelritt

1.fellestrening SSK

Historisk dag igår! Fyrste fellestrening i Sandane Sykkelklubb! Strålande forhold låg til grunn for ei kjempeøkt! Dag Arne hadde annonsert  lang tid i forvegen om denne turen rundt omkring i nærområdet Eidsmona/Ryssdalen/Søreide Han tok oss med på ei veldig fin økt og upløyd mark for veldig mange. Det er ikkje mange plassar den mannen ikkje har vore på! Detaljar rundt løypa kjem heilt sikkert på forumet.

Fellestreningane startar 1.april

I morgon startar fellestreningane. Sjå «Trening» i menyen over. Her er det lista opp kvar turen går og kven som skal vere ansvarleg for turen. Oppmøte er på Best-stasjonen på Kleivedammen kl 18:00.

ALLE skal ha lys på sykkelen på fellestreningane. Bak og framme!

 

Vi fortset opplegget med å ha ein ansvarleg på kvar fellestrening. Viss ikkje oppsett ansvarleg møter opp,skal ein velje ein ansvarleg blandt dei oppmøtte.
Dette er for å ivareta trafikktryggleik, trivsel og treningsutbytte for alle! Meininga er at alle skal få sjansen til å ha denne kapteinsrolla, og samtlege SKAL vere klar over kva denne rolla inneberer. Alle skal ha respekt for kapteinen og dei køyrereglane vi legg opp til no:

På oppmøtestad:

  • Vurdere anna tur enn det som er sett opp(vær/vind/antal osv)
  • Gjere tilpassingar i forhold til nye medlemmar/juniorar/damer
  • Ta ekstra godt vare på nye!! Forklare opplegg for trening/rullekøyring/tid mm
  • Dele opp gruppa i to etter trafikktryggleik(oppvarming på E 39)

Undervegs:

  • MINST 10 minutt oppvarming i ROLEG tempo!
  • Lysbruk-refleksvest: Dei med refleksvest og lys SKAL ligge framme/bak i tunellane! Ei rekkje i tunellar.
  • Maks 1 minutt-føringar framme. Alle skal få sjansen til å vere fremst på oppvarminga. Dei som er trøytte/»svake» vèl sjølv om dei vil vere framme og dra eller ikkje undervegs. INGEN skam å legge seg ut med ein gong. Dette er til det beste for heile gruppa!
  • Vurdere fart, intensitet og pause. Skal ha ein plan på oppsamlingsstad etc.
  • Oppmode til sikker sykling!
  • Vurdere opplegg ved punktering og teknisk svikt. Kven skal vente osv?
  • INGEN skal bli køyrt frå gruppa! Kapteinen har ansvar for at ALLE er med, eller ha eit opplegg for dei som ikkje klarar tempoet!
  • Bakkekøyring gjer vi som vi har praktisert før: Dei fremste køyrer ned igjen til siste mann/kvinne
  • INGEN forbikøyring i lange nedoverbakkar med stor fart!
  • Oppmode til å avslutte på Best

 

Elles gjeld sunn fornuft!!
ALLE har eit ansvar for at dette skal gå smidig på kvar trening og at kapteinen ikkje treng å markere seg!!

God tur alle saman!

 

 

Sponsorar

Vi har gleda av å melde at Sogn og Fjordane Energi blir med som sponsor for klubben. Vi har no fire sponsorar på dei nye draktene våre:

G-Sport 

Frydenbø

Best

Sogn og Fjordane Energi

 

Draktfarge

Det er mange som lurer på korleis grønnfargen på drakta ser ut «live»

Drakta vår har den same fargen som vist under på biletet(det største feltet i grønt)

B86-1-L Elite LZR Lightshell RS-Jacket front

Gratis drakter

Vil minne om at oppmøte på fellestreningane i år kan gje deg gratis drakt. For herrane sin del, må ein ha minst 30 oppmøte i laupet av sesongen for å få draktsett. (20 for trøye og 30 for trøye og shorts)

Same opplegget for damene, men skalert etter antall fellestreningar damene legg opp til.

Når du no bestiller drakter så treng du ikkje betale for kort trøye/shorts, men alt anna du bestiller betaler du med ein gong. Når sesongen er over vil det bli ei oppteljing på antall oppmøte, så vil det bli eit økonomisk oppgjer då.

Prøving av drakter

No er prøvedraktene komen og alle som skal ha drakter bør prøve størrelsane. Vi fekk ikkje lov å ha draktene på G-Sport som tenkt, så draktene blir liggande i STIL-stova for prøving. STIL-stova er ope i mandag kl 17:45-19:00, tysdag 1945-20:15, onsdag 19:00-20:30, torsdag 19:30-20:30 og lørdag 15:45-17:15.
Det er folk i spinninglokale og draktene ligg på lageret.
Fyll ut bestillingskjema med navn,klær og størrelse. Legg bestillingsskjema i hylla på lageret i STIL-Stova. Før òg opp navn på lista kven som har lagt igjen bestillingsskjema slik at vi kan dobbelsjekka denne mot skjemaene. Denne henger på innsida av døra.

 

Sjå på www.trimtex.no for meir informasjon om produkta

Det blir kun denne veka ein har høve til å prøve.

Ring draktansvarleg Magne Moritsgård på 906 14 748 for spørsmål

Birkebeinerrittet

I påmeldingslista til årets Birkebeinerritt er det fleire som står oppført med Eidsfossen Sykkel som klubb. Dette bør endrast til Sandane Sykkelklubb. Gå inn på Min side og endre klubbnamn.

Bestilling av drakter

På grunn sprengt kapasitet på bestillingsweben hos Trimtex, så anbefalte dei at vi gjorde ei fellesbestilling på klede for å få kleda raskara. Pr no er det 1 måned ekstra ventetid på klede som er bestilt på web. Dette har med den individuelle pakkinga å gjere.

Neste veke får vi prøvekolleksjon som ein kan prøve ut rett størrelse. Kjem tilbake med korleis vi skal administrere prøvinga.

Det er veldig viktig at folk prøver kleda no, slik at vi får bestilt varene så fort som mogleg. Det er 5 veker leveringstid.

Treningsleir Gran Canaria

Idag reiser ein gjeng frå Sandane Sykkelklubb til Gran Canaria for å samle kilometer til årets sesong. Dei skal vere der ei veke. Følg med på Strava for å sjå kvar turane har gått, og så vil dei sikkert legge ut korte referat på forumet. Vi ynskjer dei god tur!

Referat frå årsmøtet

Årsmøtet vart halde på Gloppebua på søndag 9. mars. Styret fortset med dei same som førre år. Einaste nye namn er Jørn Lothe som no sit i valnemnda ilag med Henry Hammersland.

Etter årsmøtet hadde vi mellom anna diskusjonar rundt fellestreningane, klubbmeisterskap, Eidsfossen Grand Prix og Nordfjordrittet. Det vart diskutert om vi skulle endre klubbmeisterskapet. Det var semje å fortsette med Eidsfossen Grand Prix som ei av øvingane. Då er det den same løypa som vi har hatt dei fleste åra som gjeld. Når det gjeld det tradisjonsrike Eidsfossen Grand Prix-arrangementet, så vil vi flytte start/mål til området rundt Trebohus/Nomil.

Det var og semje om å bruke eit av dei lokale motbakkeritta som erstatning for motbakkerittet Dimma Opp. Skarsteinsetra Opp og Kleiva Opp vart nemnt. I Olden har fleire frå klubben vore med sidan dette motbakkerittet/løpet starta opp. Vi har følt oss svært velkomne i Olden, også til å gjennomføre lagsmeisterskapet vårt inkludert i dette arrangementet.

Fellestreningane startar opp 1.april. Liste ligg i menyen til venstre. Herretreningane er kl 18:00 på tysdag, torsdag og sundag. Vi held fram med opplegget med kaptein på kvar trening. Kapteinen har som oppgåve å leia treninga på ein trygg og sikker måte som er tilpassa dei oppmøtte. Nærare detaljar om dette kjem seinare. Dametreningane er ikkje satt opp enno, men vil bli lagt ut på menyen til venstre så fort det er klart.

Medlemskontigent 2014

Årsmøtet vedtok at medlemskontingenten skal vere uendra frå tidlegare år. Satsane er som følgjer:

Familiepris kr 300.

Famile inneber inntil 2 vaksne med ubegrensa antal barn tom. det året dei fyller 18

Enkeltmedlem vaksen kr 200

Enkeltmedlem barn/ungdom kr 100 (t.o.m. det året dei fyller 18)

Støttemedlem kr 100

Medlemane kan dermed betale inn aktuell sum for medlemskap i Sandane Sykkelklubb til kontonr. 3705.07.87428.

Nye medlemar må i tillegg sende e-post til obtveit@online.no med namn og fødselsår på alle medlemar. Oppgje i same e-post namn på hovudmedlem og e-postadresse og mobiltelefonnr til vedkomande.

Nytt frå Nordfjordrittet

Arrangementstaben jobbar på. Vi har hatt eitt fysisk møte på nyåret, og ein del korrespondanse føregår via e-post. Vi leiger i år inn folk frå Harbagg IL, Veten IL, Stryn Sykkelklubb, Olden, Breimsbygda Sykkel og Fjellhug Vereide IL som løypevakter rundt fjorden. Arbeidet med å skaffe sponsorar har pågått lenge, og vi har gjort avtalar som sikrar at arrangementet vil gå bra økonomisk også i år. Vi har vore på eit møte på Folkehøgskulen for å sjå på forholda der. Opplegget der blir mykje det same som i fjor, men speakerteneste/resultatservice blir flytta til målområdet ved gravplassen. Tidtakarsystem er bestemt og bestilt, inkl ein person som skal styre dette. Dette siste er ein økonomisk tung del av arrangementet.

Det blir først og fremst sekretariat på Folkehøgskulen og på Lote, løpande administrasjon av sjølve rittet undervegs, matservering, premiering, opp- og nedrigging, personale i følgebilar/MC, skilting frå Olden til mål, oppsetjing/nedtaking av tidtakarutstyr, nedtaking av skilt m.m. som blir jobbane som vi i Sandane Sykkelklubb skal utføre sjølve. Til dette treng vi sjølvsagt ein god del folk. Vi har liste over dei som var med og gjorde ein  Fortsett å lese Nytt frå Nordfjordrittet

Nye sponsorar

Vi har fått inn to nye sponsorar til klubben! Dette er Best Sandane og Frydenbø Bilsenter S&F, Sandane

Dette er vi svært glade for og vi gledar oss til samarbeidet med desse!

Desse vil få plass på dei nye draktene ilag med G-Sport Sandane.

Drakter SSK

Styret går inn for at oppmøte på fellestreningar i 2014 kan verte premiert med den nye sykkeldrakta til Sandane Sykkelklubb.

Vilkåra for å få eit draktsett(kort trøye og kort bukse) er følgande:

Herrar:

  • 20 oppmøte kvalifiserar til trøye
  • 30 oppmøte kvalifiserar til kort bukse

Vi har i overkant av 60 treningar i laupet av sesongen(3 treningar i veka)

Damer:

  • Samme antal oppmøte prosentvis for antall treningar som det er lagt opp til i 2014

Barn/ungdom

  • Klubben skal vere med å sponse draktsett

 

Klubben vil forskottere eitt draktsett til medlemmene no i vår. Så vil det verte eit økonomisk oppgjer på slutten av sesongen der ein tel opp oppmøte pr.medlem.
Medlemmene skal sjølv bestille seg sykkelkledning gjennom trimtex.no og betale individuelt,men at ein slepp å betale for draktsettet i fyrste omgang. Dette blir lagt inn i bestillingssytemet.

 

Ny nettside

Vi er snart klar med
den nye nettsida til Sandane Sykkelklubb. Adressa til denne blir www.sandanesk.no.
Vi jobber no med innhaldet og designet av sida. Vi kjem tilbake med
lanseringsdato for denne. www.eidsfossensykkel.no blir liggande ut dette året.
Mykje av eksisterande innhald blir flytta over til den nye nettsida, slik at
historikken blir liggande på ein plass.

Drakter

Vi har som kjent jobba med å designe nye sykkeldrakter til klubben etter at vi skifta klubbnamn. Leverandøren no er trimtex.no. Det har vore ein stor jobb med designe ei drakt som skal vere godt synleg i trafikken,tiltalande og som skal skilje oss ut frå andre sykkeldrakter. Vi har vore gjennom svært mange design og fargekombinasjonar. No har vi landa på eit design som vi håpar at folk likar. Vi får tilsendt ein fargeprøve på grønfargen for å sikre oss at denne er den vi vil ha. Merk at grønfargen på draktene under er ikkje akkurat slik det vil sjå ut.

Vegen vidare er at medlemane skal få prøve ut storleikar på kolleksjonen. Så gjer vi klart til bestilling. Dette skjer ved at kvar enkelt tingar gjennom ein web-portal til Trimtex. Denne er typisk ope eit par veker. Då er det viktig at folk gjer seg ferdig med å bestille då. Meir info om dette kjem etter kvart. Draktene i pdf-format Innstilling valnemnd SSK 2014

Drakter