18

feb, 2023

Innkalling årsmøte 3. mars 2023

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Sandane Sykkelklubb fredag 3. mars kl. 19.00 på Gloppen Hotell. Det vert lett servering.

Eventuelle saker må meldast styret innan 1. mars. Sakliste og årsmelding ligg her.

16

mar, 2022

Fellestrening 2022

Fellestreningane startar opp 5. april og blir som tidlegare år tysdagar og torsdagar. Oppmøte ved Intersport Sandane kl 17.00. Følg med på vår Facebook-side og meld deg gjerne inn i FB-gruppe for fellestrening der det blir annonsert endringar m.v.

Vi oppmodar elles til å nytte FB-gruppa til å invitere med andre når ein tenkjer seg på langturar utanom fellestreningane!

Tilslutt vil vi tipse om å nytte Intersport Sandane til kjøp og evt service av sykkelutstyr!

16

mar, 2022

Sandane SK 2022

Årsmøte for 2021 vart avholdt 11. mars. Oppdatert årsmelding ligg her. Styret vart vedteke redusert frå 5 til 3 personar. Arne M, Henry og Ole Marius held fram 1 år til, medan Yngvill kjem inn som vara.

Kontingent uendra frå tidlegare:

  • Enkeltmedlem born/ungdom: 100 (under 18 år)
  • Enkeltmedlem vaksen: 200,-
  • Støttemedlem: 100,-
  • Familie: 300,-

Faktura er sendt på epost til aktive medlemmar i 2021. Du kan også teikne medlemskap ved å betale inn kontingent til SSK’ konto 3705.07.87428 (bekreft betalt kontingent med epost til sandanesk@gmail.com)

Medlemsfordelar: inntil 20% rabatt på syklar og sykkelutstyr hos vår samarbeidspartnar Intersport Sandane, rabatt på klubbkle, fellestreningar i sommarhalvåret, sponsing av startkontingent sykkelritt (inntil 1 pr medlem pr år), fellesturar/treningsleirar (etter avtale med styret).

1

mar, 2022

Innkalling årsmøte 11. mars 2022

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Sandane Sykkelklubb fredag 11. mars kl 19.00 på Gloppen Hotell.

Medlemmer kan melde inn sakar til styret innan 8. mars.

Sakliste og årsmelding.

9

jul, 2021

Medlemskontingent 2021

Styret minner om betaling av kontingent til SSK’ konto 3705.07.87428 (bekreft gjerne betalt kontingent med epost til sandanesk@gmail.com)

  • Enkeltmedlem born/ungdom: 100 (under 18 år)
  • Enkeltmedlem vaksen: 200,-
  • Støttemedlem: 100,-
  • Familie: 300,-

Medlemsfordelar: inntil 20% rabatt på syklar og sykkelutstyr hos vår samarbeidspartnar Intersport Sandane, lån av utstyr og syklar, rabatt på klubbkle, fellestreningar i sommarhalvåret, sponsing av startkontingent sykkelritt (inntil 1 pr medlem pr år), fellesturar/treningsleirar (etter avtale med styret).

11

mar, 2021

Årsmelding og sakliste til årsmøtet 21. mars 2021

Sakliste:

1. Godkjenning av røysteføre

2. Val av møteleiar, skrivar og 2 til å skrive under protokoll

3. Godkjenning av innkalling og sakliste

4. Årsmelding, presentasjon og godkjenning

5. Rekneskap, presentasjon og godkjenning

6. Medlemsskontingent for 2021

7. Budsjett 2021

8. Reduksjon av styresamansetning

9. Val

10. Framtida til Sandane Sykkelklubb

11. Ymse

Årsmelding

19

feb, 2021

Årsmøte 21. mars 2021

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Sandane Sykkelklubb – søndag 21. mars kl. 18.00 (3. etg. Sandane Senter).

Medlemmer som ønskjer melde inn saker til årsmøtet må gjere dette til styret innan 8. mars. Sakliste og årsmelding blir lagt ut her før årsmøtet,

Det blir lett servering (pizza frå Mona Lisa). Minner om at kontingent for 2020 må vere betalt.

9

jun, 2020

Sakliste og årsmelding

Minner om årsmøte på BANO i morgon kl. 1900

Her finn de Sakliste og Årsmelding

18

mai, 2020

Årsmøte

Koronasituasjonen er så pass avklart no, at vi prøvar innkalling til Årsmøte for andre gong i år.

Stad: Kantina på Bano

Tid: Onsdag 10.juni kl. 1900.

Saker som medlemene vil ta opp på Årsmøte må meldast til styret seinast 1. juni. Saksliste blir publisert seinast 3. juni

12

mar, 2020

Årsmøtet er avlyst

På bakgrunn av regjeringa og helsemyndigheiter sine drastiske nye tiltak i dag, har styret i SSK valt å avlyse/utsetje årsmøtet. Vi kjem tilbake med ny dato når vi veit meir. Idrettsforbundet har utvida fristen til å avhalde årsmøte i alle klubbar til 15.juni. Ordinær frist var 31.mars.