Draktlageret på flyttefot

Magne (t.h) overleverer draktlageret etter ti år med ansvaret. Magne har den gamle trøya, medan Bjørn Inge har fått på seg den med dei nye logoane på.

Etter 10 år som draktansvarleg for klubben har Magne Moritsgård fått avløysing. Han har hatt draktansvaret i mange år etter at han sjølv gjekk ut av styret.

– No kom det ei ei ny ladning frå Trimtex, og vi har også fått eit nytt styre, så eg tykte det var på tide å overlevere ansvaret til nokre andre, seier Magne. – Det har ikkje vore så veldig mykje kjobb, men ein skal ha ein plass å ha det, og det har eg eigentleg ikkje. Siste tida har eg hatt det på jobb på Frydenbø, og medlemene kunne ha henta nye drakter her.

Draktlageret blir no heime hos nestleiar i klubben, Bjørn Inge Solheim. – Eg har rikeleg med plass og med plassering i sentrum skal det også no vere enkelt å få henta seg det ein manglar. Draktlageret er berre eit suppleringslager for dei som øydelegg eller mister delar av drakta i løpet av sesongen. Hovudbestillinga er på våren og sommaren, og medlemene må bestille det dei treng i dei bestllingsperiodane. – Det vi har på lager, er kun meint for dei som har eit akutt behov, og det det går mest av  – shortsar og trøyer. Prisane er dei same som om ein tingar direkte frå Trimtex, så dette er kun som ein service for medlemene våre, seier Bjørn Inge.

Klubben vil med dette takke Magne for flott innsats med draktlageret gjennom alle desse åra.

Vi minner også om utslaget av draktene med dei gamle sponsorlogoane. Sjå tidlegare innlegg.