Då er det klart for siste øving i klubbmeisterskapen. Den spennande fellestarten er no på torsdag kl 18:00 frå Kleivedammen. Påmelding kl 1730.
Kleivedammen- Andenes-langs sjøen til Sandane sentrum, vidare utover Sørstranda til Sande, opp Sandebakken, innover øvstevegen til Bukta, opp Djupegota til Eide og mål på Kleivedammen. Løypa er forholdvis flat og lett første delen med ein tøff bakke når ein snur på Sande godt over halvvegs, og ei stigning også mot slutten. Vinnartid har vore i underkant av timen.
Alle er herved oppfordra til å stille!Breimningar, Førdianarar og andre må også svært gjerne stille på. Til større felt, til kjekkare er det å vere med
Tilbakeblikk…