Fellestreningane startar 1.april

I morgon startar fellestreningane. Sjå «Trening» i menyen over. Her er det lista opp kvar turen går og kven som skal vere ansvarleg for turen. Oppmøte er på Best-stasjonen på Kleivedammen kl 18:00.

ALLE skal ha lys på sykkelen på fellestreningane. Bak og framme!

 

Vi fortset opplegget med å ha ein ansvarleg på kvar fellestrening. Viss ikkje oppsett ansvarleg møter opp,skal ein velje ein ansvarleg blandt dei oppmøtte.
Dette er for å ivareta trafikktryggleik, trivsel og treningsutbytte for alle! Meininga er at alle skal få sjansen til å ha denne kapteinsrolla, og samtlege SKAL vere klar over kva denne rolla inneberer. Alle skal ha respekt for kapteinen og dei køyrereglane vi legg opp til no:

På oppmøtestad:

  • Vurdere anna tur enn det som er sett opp(vær/vind/antal osv)
  • Gjere tilpassingar i forhold til nye medlemmar/juniorar/damer
  • Ta ekstra godt vare på nye!! Forklare opplegg for trening/rullekøyring/tid mm
  • Dele opp gruppa i to etter trafikktryggleik(oppvarming på E 39)

Undervegs:

  • MINST 10 minutt oppvarming i ROLEG tempo!
  • Lysbruk-refleksvest: Dei med refleksvest og lys SKAL ligge framme/bak i tunellane! Ei rekkje i tunellar.
  • Maks 1 minutt-føringar framme. Alle skal få sjansen til å vere fremst på oppvarminga. Dei som er trøytte/»svake» vèl sjølv om dei vil vere framme og dra eller ikkje undervegs. INGEN skam å legge seg ut med ein gong. Dette er til det beste for heile gruppa!
  • Vurdere fart, intensitet og pause. Skal ha ein plan på oppsamlingsstad etc.
  • Oppmode til sikker sykling!
  • Vurdere opplegg ved punktering og teknisk svikt. Kven skal vente osv?
  • INGEN skal bli køyrt frå gruppa! Kapteinen har ansvar for at ALLE er med, eller ha eit opplegg for dei som ikkje klarar tempoet!
  • Bakkekøyring gjer vi som vi har praktisert før: Dei fremste køyrer ned igjen til siste mann/kvinne
  • INGEN forbikøyring i lange nedoverbakkar med stor fart!
  • Oppmode til å avslutte på Best

 

Elles gjeld sunn fornuft!!
ALLE har eit ansvar for at dette skal gå smidig på kvar trening og at kapteinen ikkje treng å markere seg!!

God tur alle saman!