Fellestreningar Sandane Sykkelklubb

Sålangt i sesongen har det vore god aktivitet på treningane våre!

MTB-treningane vil nok ta seg litt opp når vi har lagt bak oss Nordfjordrittet!

Vi har ikkje hatt uhell på treningane sålangt,men nokre episodar har det vore. Dette har ikkje vore ryttarane sin feil,men bilar som ikkje har respektert oss. Dette er noko vi diverre må leve med. Det som er viktig er at vi oppfører oss slik vi skal i trafikken. Ver difor skjerpa og fokusert når vi er ute og syklar i felt! ALLE skal ha gode lys på sykkelen framme og bak. Sjølv om ikkje oppsett tur skal gå gjennom tunnell, så blir ofte turvalget endra på oppmøteplassen.

Forsatt god trening framover!

Oppmøte 2016Oppmøte damer 2016