Hovderittet i Ørsta

IMG_8915

Tre mann reiste opp til Ørsta for å prøve seg på det nyetablerte Hovderittet, Vidar,Dag-Arne og Arne N. Dei kunne fortelje om eit kjempebra ritt!

Nesgård kom inn som 2.mann i klassa 40-49 og 5.plass totalt. I klasse 50-59 kom Dag-Arne inn på 2.plass og Vidar på 3.plass.

Resultat

Hovderittet

Litt om løypa:

Det vert fellesstart for alle der ein tek ei sløyfe utover mot Hovdevatnet. Tidtaking startar etter masterstarten. Etter masterstarten syklar vi på grusveg ned mot «Rompa» og vidare på ein traktorveg/sti langs Hovdevatnet, vidare på sti opp ein seig bakke på omlag 1,5 km. som flatar ut og kjem inn på ein asfaltert veg. Etter ca. 1 km. med asfalt, kjem vi inn på ein grusveg som m.a. går over eit tunelltak. Ein kjem då inn på ein veg med grus og asfalt som går i ca. 2 km. inn til passering/mål på nedsida av Hovden Møbel.

På 2. og 3. runda, syklar vi vidare frå passering i omlag 1 km. på ein sti som først går litt ned ein smal sti like bakom Hovden Møbel og så opp ein seig bakke og vidare i ei lysløype til vi kjem inn på ein traktorveg/grusveg og kjem inn på der vi sykla langs Hovdevatnet etter masterstarten.

hovderittet-kart

hovderittet-profil

Kvar runde er 6,7km og ca. 108 høgdemeter. Menn senior syklar totalt 3 runder. Meir info finn du lengre nede på sida.