Det er tid for intervalltrening igjen! Neste veke startar vi intervalltreningane kl 19:30 på tysdagane og torsdagane. Kun eitt teljande oppmøte pr veke. Start ved Statoil kl 19:30.
Alle skal ha refleksvest og lys på sykkelen, framme og bak. Dei som ikkje har fått refleksvest av klubben kan ta kontakt med Magne Moritsgård.
Treningane går fram til veke 51. 11 av 14 oppmøte kvalifiserer til ein premie. Denne premien vil bli «avslørt» på klubbkvelden vi skal ha seinare i haust.
God trening!