Det er på tide å ta opp igjen intervalltreninga i Austrheimsbakken!
Vi startar tysdag 16.september kl 19:30 på Statoil. Då har vi 14 veker fram til jul. Siste intervall tysdag 16.desember(torsdag 18.?)
Vi bruker tysdag som hovuddagen på dette for å få samla mest mogeleg folk. Vi har hatt opning for å nytte ein dag til for å få hakk i beltet. Truleg torsdagen.
11 av 14 oppmøte kvalifiserer til julebord!
Obligatorisk antrekk:
Refleksband på venstrefot og refleksvest
Godt lys på sykkelen FRAMME og BAK
Brot på dette betyr «ikkje deltatt»
Dei som ikkje har fått SSK-refleksband kan melde inn på forum.Per Erik har desse.
Klubben har kjøpt inn refleksvestar.Desse blir delt ut på intervalltreningane eller av Per Erik Eimhjellen.Refleksvestane er bestilt inn basert på størrelse på draktene de har, så husk å ta ut riktig størrelse.