Då nærmar det seg klassikaren Jotunheimen Rundt. For mange den ekte Styrkeprøven! Milslukarane Svein Rune Aaland, Jørgen Bergset og Arne Myklebust stiller! Desse veit korleis det er å sykle lange og seige ritt. Svein Rune Aaland har Trondheim-Oslo i beltet, så grunnlaget er lagt. Jørgen skal sykle Viking Tour seinare i sommar, og har trena mykje i vinter og sommar. Arne Myklebust har òg trena veldig godt og er i kjempeform. Han stiller på alt! Kort-bratt-langt-MTB-landeveg! You name it!
Vi ynskjer alle god tur i morgon kveld!
Viss de vil følge dei gjennom rittet, kan de sjå livetracking på dei på eqtiming