På laurdag hadde Sandane Sykkelklubb julebord i STIL-stova! 18 medlemer var samla rundt bordet i år. Damene i klubben hadde dekka og pynta lokalet til ein verkeleg fin kveld. Vi leigde inn discolys og julepynt frå handballgruppa, så alt låg til rette for eit bra julebord! Tradisjonsmat levert frå Gloppen Hotel smakte særs godt.
Etter maten var det tid for ein quiz-runde. 28 spørsmål lokalt,regionalt og internasjonalt i alle variantar. Johnny stakk av med 1.plassen.