Kjipt!!

Ingen ritt på ungdommen i helga på nibberittet

Se mail under:

Hei igjen!
Vi har forståing for frustrasjonen, og må berre beklage at nettsida vår har vore missvisande. Vi hadde fjerna alle referansar til Orbea cup, men ikkje fjerna sjølve sida. Så for dei som hadde bokmerka den, så kunne det sjå ut som at det var Orbea Cup i år også. Vår feil.

Men: det går ikkje an å melde seg på til cupen og den er ikkje nemnd i det heile tatt på framsida, og det er også kun tre som hadde meldt seg på som var under 17 år. Desse har vi kontakta.

Etter årets arrangement vil vi sjølvsagt ta ein ny runde å evaluere alle sider ved arrangementet, også om vi skal gje Orbeacupen/ungdomscupen ein ny sjanse. Når vi valde å satse på rulleski i år, synest vi det vart for omfattande å satse på ritt for dei yngste i tillegg. Noko av det som gjer det ekstra utfordrande og krevjande i forhold til logistikken, er at miniløp og ungdomsritt sist år hadde ulike distansar/målpunkt. Dette gjorde vi særskilt etter ynskjer frå sykkelmiljøet. Men vi må vere ærlege på at det vert vanskelegare arrangementsteknisk, særleg å få busstransporten til å «henge i hop»/halde tidsskjema.

Vi beklagar at vi skuffar dei yngste syklistane, men vonar òg de har forståing for vårt val.
Vi ynskjer sjølvsagt ungdommen velkommen til å delta i andre greiner i arrangementet vårt.
Gode helsingar frå

Eidsdal Idrottslag, Skigruppa
v/Merete Løvoll Rønneberg
6215 Eidsdal
Mobil: 99376585
E-post: merete@verdsarvfjord.no