Klubbkveld

Klubbkveld22015Fredag 9.oktober hadde vi ein flott kveld med god mat, flott foredrag av Grovsyklarlauget og ikkje minst
gode diskusjonar rundt klubbaktivitetane!

Vår samarbeidspartnar G-Sport stilte ut ein landevegsykkel og ein fulldempa utforsykkel svært rabbaterte prisar.

 

 

 

Oppsummering av nokre temaer

– Grovsyklarlauget heldt flott foredrag! SSK vil stille opp på dugnad for grovsyklarlauget som «kallar inn» ved behov.

 

– Fellestreningar 2016 herrar: Opplegget vart diskutert. Same dagar som tidlegare: Søndag (MTB) og torsdag (racer) med oppsette turar. Legg opp til at torsdagstreningane frå sommaren(midten av juni) blir terrengsykkel. Tysdagane blir det intervall/fartsleik/høg intensitet i nærområdet (sykkelval, trasè mm. Skal avtalast på FB/forumet på førehand). Alle dagane skal treningane leggast opp for å inkludere flest mogleg (info i forkant, kaptein, halde oss til avtalane!)

 

– Fellestreningar 2016 damer: 2 treningar i veka som før.

 

– For å stimulere til auka deltaking på trening og våre klubbritt blir det i 2016 sett opp ei gulrot for treningsoppmøte (2 gåvekort som blir trekt ut mellom dei damene og herrane som klarer oppmøte-kravet), samt ei gulrot for deltaking på klubbritt (2 treningssett vinter blir trekt ut).

 

– Nordfjordrittet 2016 under planlegging, MEN vi må ha støtte frå samarbeidspartnarar for å kome i mål. UNG+MINI sannnsynlegvis flytta til Sandane-dagane helga, og muligens med eit opplegg saman med Grovsyklarlauget!?

 

– Treningsleir vinter/vår: Under planlegging. Her må dei som har tenkt seg på tur ta initiativ! Ellers bør vi prøve få til ei treningshelg iløpet av våren der vi held oss i regionen! Eksempelvis Kalvåg, indre-Sogn mv.

 

– Fellestur: Birken har vore fellestur tidlegare år. Voss-Geilo var også diskutert. Styret vil kome tilbake med alternativ for fellestur seinare.