Klubbkveld

På fredag hadde vi klubbkveld i kantina på SFE. I overkant av 20 personar var med. Vi starta kvelden med eit glimrande foredrag av Ingrid Fjellestad. Ho er utdanna innan ernæringfysiologi, samstundes som er lidenskapeleg opptatt av trening. Ho lærte oss mykje om generelt kosthald og kosthald kobinert med trening/ritt. Trur vi alle fekk nokon aha-opplevelsar.

Etter foredraget om mat var det på tide å sette foredraget ut i praksis. Vi fekk servert god thai-mat med masse grønnsaker og magert kjøtt!

Det vart delt ut premiar i årets klubbmesterskap. Stig, Arne Myklebust og Henry Hammersland fekk kvar sin kaffikopp!

Vi hadde trekning av gåvekort til 2500 kroner til dei som hadde nok deltakingar på fellestreningar og klubbritt. Desse gjekk til Per Erik Eimhjellen, Arne Nesgård og Arne Myklebust. Desse kan velge gåvekort på G-Sport eller Trimtex.

Elles hadde vi diskusjonar rundt fellestreningar, klubbritt, sesongen 2017, treningsleir mm.

Vi hadde og gjennomgang av årets Nordfjordritt og korleis vi skulle angripe 2017-arrangementet.

2016-10-21-21-08-05 2016-10-21-21-09-42