Det nærmar seg klubbmeisterskap! På søndag er det igjen duka for det tradisjonsrike og prestisjefylte Eidsfossen Grand Prix. I år det berre i samband med klubbmeisterskap det blir arrangert.
Løypa er den same som førre år, der vi startar nede på Eide(nær golfbana) for å så å sykle mot Kleivedammen,ned Grasdalen,vidare ned til Eidsfossen og opp igjen til mål/startområdet. 4 rundar for herrar, 3 rundar for damer/junior.
Starten går kl 18:00.Påmelding ein halvtime før start. Herrane startar fyrst og damer/juniorar startar like etterpå.
Det vil vere løypevakter i Grasdalen og på Kleivedammen.