Klubbmeisterskap- Eidsfossen Grand Prix

Då nærmar det seg Eidsfossen GP igjen. Søndag kl 18:00 går startskotet. Start inst på Eide, ut mot Kleivedammen, inn Grasdalen over til Eidsfossen og oppigjen til mål. Underlaget er både fast dekke, grus og gras/sti, og løypa inneheld både krevjande motbakkar og eit par utforkøyringar. Ei runde er ca 3,2 km.

Påmelding kl 17:30 i startområdet
Konkurranseklasser:
Jenter 10-12: 1 runde
Jenter 13-15: 1 runde
Gutar 10-12: 1 runde
Gutar 13-15: 1 runde
Damer senior: 3 runder
Herrar senior: 4 runder
Veteran (50-59 år): 4 runder
Superveteran (over 60 år): 3 runder

Utlodding av premiar