Fyrstkomande tysdag er det klart for langtempoen. Løypa er lik som førre år,der vi startar individuelt frå krysset ved Vassenden/Ryssdalen. Vidare utover mot Andenæs der ein svingar ned til undergangen på E-39 og inn på gangvegen mot sentrum igjen. Så inn på E-39(ca 100meter) og tilbake til start/mål.
Tempoen er ope for alle(medlem eller ikkje)! Vel møtt!
Dette er ein fin oppladning til Nordfjordrittet på laurdagen. Her bør alle som har tenkt å sykle NFR stille på!
Starten går kl 18:00. Påmelding 17:30