Klubbritt-Langtempo

Neste tysdag 7.juni er det klart for den spennande tempoøvinga i klubbmeisterkapet! I denne øvinga er det berre ein sjølv ein kan kjempe mot undervegs! Rittet er ope for alle, klubbmedlemmar eller ikkje!

Løypa er den same som vi alltid har hatt. Start og mål på Vassenden, ved innkøyringa til Ryssdalen(Busshaldeplassen). Så går turen utover på E-39 til Andenes,der ein tar
av til høgre,sykler under brua og inn på gang -og sykkelvegen mot Sandane igjen(sjå detaljert kart under). Føl denne 100 meter før ein syklar inn på E-39 igjen. Totalt 25 km

Start kl 18:00

Påmelding frå 17:30

2 minutt intervallstart. Rekkjefølga blir fjorårets resultatliste, der siste mann startar fyrst.

Tempoutstyr er godkjent

Langtempo


6Langtempo

Oversiktkart ved vending på Andenes. Ta av frå E-39 og ned under brua og inn på gang- og sykkelveg og inn i igjen på E-39.