Medlemsmøte

Medlemsmøte onsdag 1.oktober kl 20.00
Alle medlemar som ønskjer det kan møte på SFE denne kvelden. Tema blir Nordfjordrittet. Vi har gjennomført 2 vellukka utgåver av NR. Det er eit stort og krevjande arrangement, og vi har lagt oss på ein profil som merkjer seg ut i høve til dei fleste andre ritt. Fantastisk løypetrase, høgt servicenivå for rytterane, og rimeleg startkontingent m.m.
Etter årets ritt har det skjedd lite. No må det stakast opp ein veg vidare. Vi har nokre avtalar med samarbeidspartnarar som går vidare. Det kan likevel bli vanskeleg å halde oss på same nivå økonomisk og servicemessig framover, som vi har greidd til no. Arrangørar over heile landet slit med deltakinga, så vi er usikre også på potensialet vårt framover.
Denne kvelden brukar vi til ein idedugnad angåande neste år, evt lenger fram i tid. Skal vi gjere som vi har gjort, eller satse endå meir offensivt, evt gå eit skritt tilbake, eller endre kurs på annan måte? Vi er også avhengige av at nøkkelpersonar held ut ei stund til, evt side om side med nytt blod inn i komiteen.
Alle vel møtt til ein hyggeleg og kreativ kveld!