Då er Nordfjordrittet vel overstått og vi ser tilbake på det som ein fantastisk dag! Vi hadde ikkje klart dette utan hjelp frå mange! Sjølvsagt er samarbeidspartnarane våre viktige for at vi skal kunne lage ein slik fest! Vi trur at dei får valuta for pengane dei bidreg med, når ein ser den gleda og positiviteten dette arrangementet genererer!
Vil òg rette ei stort takk til mannskapet rundt rittet! Løypevakter,sjåførar, serveringspersonell, parkeringsvakter,sekreteriat og alle dei andre som var med å bidrog igår! Denne fantastiske innsatsen er med på å gjere dette mogeleg! Tusen takk!
Helsing
Leiar i Sandane Sykkelklubb
Per Erik Eimhjellen