Nordfjordrittet 2016

Då er årets ritt vèl i hamn! Over 225 ryttarar sleit seg gjennom løypa i år. Opphaldsvær,men med ein lei motvind til tider. Særleg frå Byrkjelo var det heftig motvind. Trass i dette vart det ny løyperekord! Resultat og bilete finn de på nordfjordrittet.no.

Tusen takk for all hjelp vi har fått av samarbeidspartnarar og idrettslag og enkeltpersonar! Utan denne hjelpa hadde vi ikkje klart å få til ein slik fest!

Dei 6 raskaste karane kom samla opp Svingane på Vereide (frå venstre): Sedrik Ullebø (Sogn CK), Kristian Tjønneland (Førde CK), Marius Bjørvik Solheim (Førde CK og vinnar!), Joachim Olsvik (Ålesund CK), Jan Ove Standal (Stryn TIL Sykkel) og Karl Erik Kravik (Ålesund OCK og fjorårsvinnar