Nordfjordrittet UNG+MINI+TRIM SØNDAG 14. AUGUST 2016

 

 

Alle arrangementa (UNG+MINI+TRIM) er gratis for alle!

 

 

Utrekkspremiar på startnummer.

Hovudpremie er ein sykkel levert av G-Sport Sandane

 

Tidsplan i Sandane sentrum

Påmelding (gratis!) UNG, MINI og TRIM i Øvregata frå kl 12.00 søndag 14. august.

Start UNG: kl 13.30 (fellesstart og med tidtaking).  8-16 år.

Start TRIM: kl 12.00 (familieklasse med fri start utan tidtaking). Alle aldrar.

Start MINI: kl 12.00 (familieklasse med fri start utan tidtaking). 0-8 år. To alternativ: miniløype til Øyrane og retur (2 km) eller enkel løype i Øvregata for dei minste.

 

Trasèen på 17 km er lik for UNG og TRIM: start/mål i Sandane Sentrum – ut til Vereide på gamle E39 – opp Svingane og gjennom målområdet til hovudrittet – ut på Andenes langs midtre linje – ned til fjorden igjen og med målgong i Øvregata i Sandane sentrum. Dei som ønskjer det kan svinge til høgre når dei kjem opp Svingane og sykle tilbake langs midtre linje, totalt 11 km.

Premie til alle under 17 år. Alle deltakarar i UNG, MINI og TRIM får servert frukt samt drikke frå vår samarbeidspartnarer TINE!