Arrangementstaben jobbar på. Vi har hatt eitt fysisk møte på nyåret, og ein del korrespondanse føregår via e-post. Vi leiger i år inn folk frå Harbagg IL, Veten IL, Stryn Sykkelklubb, Olden, Breimsbygda Sykkel og Fjellhug Vereide IL som løypevakter rundt fjorden. Arbeidet med å skaffe sponsorar har pågått lenge, og vi har gjort avtalar som sikrar at arrangementet vil gå bra økonomisk også i år. Vi har vore på eit møte på Folkehøgskulen for å sjå på forholda der. Opplegget der blir mykje det same som i fjor, men speakerteneste/resultatservice blir flytta til målområdet ved gravplassen. Tidtakarsystem er bestemt og bestilt, inkl ein person som skal styre dette. Dette siste er ein økonomisk tung del av arrangementet.
Det blir først og fremst sekretariat på Folkehøgskulen og på Lote, løpande administrasjon av sjølve rittet undervegs, matservering, premiering, opp- og nedrigging, personale i følgebilar/MC, skilting frå Olden til mål, oppsetjing/nedtaking av tidtakarutstyr, nedtaking av skilt m.m. som blir jobbane som vi i Sandane Sykkelklubb skal utføre sjølve. Til dette treng vi sjølvsagt ein god del folk. Vi har liste over dei som var med og gjorde ein
NB! For å få best mogeleg oversyn over kven av dei aktive syklistane som ikkje vil sykle Nordfjordrittet, så vil vi med dette setje eit viktig krav:
Dei som vil sykle må melde seg på via nettida seinast søndag 16.mars. Etter den tid set vi opp funksjonærlister. Vi vil oppmode flest mogeleg til å melde seg på, det gjeld sjølvsagt også damer! Dei som ikkje er påmelde når vi kjem fram til måndag 17.mars reknar vi altså med kan vere disponible i arrangørstaben.
Rittleiaren