Her er litt om historia vår:
1995:
3 mann kjøper seg terrengsykkel.
1996:
Rune Hjelle og Vidar Eide er dei to første som startar i Birkebeinerrittet.
1997:
Else Margrethe Larsen kjem med som første dame, ho blir med i 2 år.
2000:
Kjetil Eide klarar endeleg å melde seg på før Birkebeinerrittet er fulltegna og stiller for første gong. Han blir raskaste mann i perioden 2001-2005.
Nokre byrjar også å delta på andre ritt enn Birkebeinerrittet.
Eit lite uoffiselt sykkelritt utan noko form for annonsering blir arrangert på Eide.
2001:
Fleire lokale syklistar kjem med på Birkebeinerrittet, og dei to første merka er sikra ved Dag-Arne Eide og Kjetil Eide. Heretter kjem det stadig nye for kvart år.
Det første Eidsfossen Grand Prix går av stabelen med 70 deltakarar. Arrangementet blir årvisst heretter.
2002:
Tre mann fullfører Trio Cup
2003:
Det blir starta opp med organiserte fellestreningar kvar onsdag og annakvar søndag (april – september). Fellestreningane held fram kvart år etter dette.
Klubbtrøyer blir kjøpt inn og namnet Eidsfossen sykkel etablert.
Det dukkar opp landevegssyklar i miljøet og Harald Hauge deltek på Styrkeprøven for første gong.
Dag-Arne Eide deltek som førstemann på motbakkeløp.
2004:
Den første Støylsturen Støylar i Gloppen, blir arrangert med 5 mann som fullførde.
Løypeomlegging i Eidsfossen Grand Prix, til raskare og meir publikumsvenleg trasé.
2005:
Støylar i Hyen med 5 mann
Fleire deltek på landeveisritt som f.eks Bergen-Voss
Eidsfossen-syklistar deltek på triathlon i Hyen for første gong.
125 deltakarar i Eidsfossen Grand Prix som er noverande rekord.
Vidar Eide rundar som førstemann 10 Birkebeinerritt.
2006:
Jakker, bukser og fleire trøyer kjøpt inn.
Deltek for første gong i Breimstafetten.
Støylar i Breim med 7 mann
Tidenes beste Birkebeinerritt med 12 deltakarar frå Sandane, 9 av desse klarte merket, 10 mann under 3,50 og dei to siste so vidt over 4 timar. Mange personlege bestenoteringar. Johnny Hauge er ny bestemann.
Neste generasjon syklistar stiller på ritt utanom fylket
Kjetil Eide på seirspallen i M 40-50 i Alperittet.
2007:
Eidsossen Sykkel oppretta som idrettslag i skipingsmøte 18.januar.
Sterk sportsleg sesong i den første som offisiell klubb:
14 deltakarar på Birkebeinerrittet, herav 4 debutantar, totalt 9 merke.
Auka deltaking med sterke plasseringar på ulike ritt omkring i Noreg, mellom anna klassesiger til Dag-Arne Eide på Nibberittet i Geiranger og 3 pallplassseringar på Alperittet på Stranda.
Stor deltaking ulike motbakkeløp med fleire klassesigrar og pallplasseringar, mellom anna sølv i NM til Dag-Arne Eide og andreplass også i Skåla 1848 m rett opp på same mann
Deltaking med 2 lag på Breimstafetten.
Fleire lagsmeisterskap i ulike disiplinar avvikla og Trygve Henden Gaasø blei den første «Årets Klubbmeister».
2008:
Auka deltaking på sykkelritt, 17 stk på Birkebeinerrittet, 11 mann under 3.30.
Auka deltaking på fellestreningane
Deltakarrekord på Eidsfossen Grand Prix med 139 på startstrek.
Klubbmeisterskapet vidareført med same vinnar som i 2007
Trond Midtkandal nr. 2 i si klasse i motbakkeløpet Skåla Opp
2009:
Ole Marius Gloppestad årets namn med mange sterke prestasjonar;
Klubbmeister, mellom dei første i mål og ny løyperekord Jølster rundt, 4.17 og totalt 29.plass i Bergen-Voss, klassesiger på 1.14.30 under Nibberittet.
Fellesopplegg i lag med Stryn Sykkel under Styrkeprøven med totalt 13 mann i same pulje.
Deltakarrekord med 140 stk på Eidsfossen Grand Prix. Vinnar av seniorklassa Arne Nesgård.
17 stk på Birkebeinerrittet.
2010:
Stadig aukande aktivitet med 126 rittstartar fordelt på 42 personar
Sterk lagsiger under Jølster rundt. Totalt hadde klubben her 21 mann på startstrek.
16 mann med i Bergen-Voss, 12 på Nibberittet og 28 stk på Birkebeinerrittet (inkl 2 stk på Fredagsbirken).
Ole Marius Gloppestad totalvinnar av Fredagsbirken!
3 lag på Breimstafetten.
Auka aktivitet for barn og unge der det blei arrangert 4 treningsritt, men premiering for deltaking i minst 3.
Johnny Hauge klubbmeister.
2011:
120 rittstartar fordelt på 42 personar.
18 deltakarar på Jølster Rundt der Per Erik Eimhjellen vart ein av to med ny løyperekord.
12 mann på Postvegrittet med fleire klassesigrar.
Ny deltakarrekord på Eidsfossen Grand Prix med 145.
31 deltkarar med under Birkebeinerhelga, derav fleire i ungdomsbirken.
Aukande rittaktivitet for ungdommar.
Ole Marius Gloppestad klubbmeister
2 mann deltok representerte Eidsfossen Sykkel i Norgescup downhill
Reint bord under Breimstafetten med siger både i veteran- og supervetaranklassa.
Klubben hadde i 2011 152 medlemar
2012:
134 rittstartar, fordelt på 55 personar i 28 sykkelritt
20 deltakarar i Jølster rundt, 16 i Bergen-Voss,
11 deltakrar og 3 klassesigrar i Postvegrittet.
18 deltakarar på Birbeinerrittet, total 25 stk på dei ulike arrangementa den helga.
Totalsiger og løyperekord i Skarsteinsætra Opp til Erlend Eide, total dominans i alle herreklasser til Eidsfossen Sykkel.
Fleire barn med i ulike ritt som U6 Cycle Tour i Sverige, Grenserittet ung, Ungdomsbrirken, Furusjøen rundt og Alperittet.
Erlend Eide med sterke resultat i motbakkeløp: nr 3 i Stoltzekleiven Opp, totalvinnar av Trappeløpet i Høyanger og nr 10 totalt i Skåla Opp.
Øysten Kristiansen klubbmeister.
2013
12 sykla Bergen-Voss.
Nordfjordrittet blei for fyrste gong arrangert 8. juni med rundt 200 deltakarar totalt. Det blei arrangert både Nordfjordrittet og Nordfjordrittet Ung. Klubben hadde 21 startande på Nordfjordrittet.
16 deltok i Birkebeinerrittet.
I tillegg deltok klubben på Jølster Rundt, Ulstein Nordea-rittet, Landevegsbirken, Nibberittet, Trondheim-Oslo, Trollstigrittet, Isfjordtempoen, Jotunheimen Rundt, Sognefjellsrittet, Grenserittet, Postvegrittet, Ørstarittet, Furusjøen Rundt, Aarbakkerittet, Rundbaneritt (Ørsta), Kleiva Opp, Skarsteinsetra Opp og Skarverittet.
Andre idrettar: Breimstafetten, Hyen Triatlon, Selje Challenge, Trappeløpet i Høyanger, Nibbeløpet, Svinestrandsløpet, Storehesten Opp, Eggenipa Opp, Skåla Opp, Kletten Opp og Stoltzekleiven Opp.
Øystein Kristiansen klubbmeister.
Deltakinga på ritt, fellestreningar og lagsmeisterskap var noko mindre enn året før.
Syner til årsmeldinga for 2013.
Det blei bestemt at klubben skal skifte namn til Sandane Sykkelklubb. Det nye namnet gjeld frå mars 2014.