Om Klubben

Sykkelklubben vart skipa 18.januar 2007, då under namnet Eidsfossen Sykkel.  I mars 2014 vart namnet endra til Sandane Sykkelklubb.

 

Klubben tok eit stort steg i 2013 då ein arrangerte landevegsrittet Nordfjordrittet. Etter 5 år med Nordfjordrittet vart dette nedlagt i 2018-sesongen.  Dei seinare åra har desverre vore prega av redusert oppmøte på fellestreningar og i konkurransar. 

 

Klubben har tilholdsstad i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane, Klubben sine medlemar har delteke på sykkelritt rundt omkring i Noreg, både i terreng og på landeveg. Hovudmålet for mange av syklistane har vore Birkebeinerrittet, der vi hadde 28 personar på startstrek i 2011.

 

Opphavet til Eidsfossen Sykkel kjem frå Eidsfossen på Eide. I 2000 vart det for første gong arrangert eit lite terrengritt i området omkring Eidsfossen på Eide. Dette fekk namnet Eidsfossen Grand Prix og vart arrangert årvisst fram til og med 2017. Fleire av initiativtakarane til klubbskipinga har også vakse opp i dette området. Eidsfossen Sykkel har vore brukt som uoffiselt klubbnamn ved deltaking i sykkelritt i åra før klubbskipinga. Når det i 2007 blei skipa ein sykkelklubb blei difor namnet Eidsfossen Sykkel bestemt nytta som namn på klubben.

 

Klubben har som målsetjing å rekruttere fleire barn og unge inn i sykkelmiljøet!

 

Lovnorm for Sandane Sykkelklubb 2018