9
jun, 2020
9
jun, 2020
18
mai, 2020
Koronasituasjonen er så pass avklart no, at vi prøvar innkalling til Årsmøte for andre gong i år.
Stad: Kantina på Bano
Tid: Onsdag 10.juni kl. 1900.
Saker som medlemene vil ta opp på Årsmøte må meldast til styret seinast 1. juni. Saksliste blir publisert seinast 3. juni
12
mar, 2020
På bakgrunn av regjeringa og helsemyndigheiter sine drastiske nye tiltak i dag, har styret i SSK valt å avlyse/utsetje årsmøtet. Vi kjem tilbake med ny dato når vi veit meir. Idrettsforbundet har utvida fristen til å avhalde årsmøte i alle klubbar til 15.juni. Ordinær frist var 31.mars.
29
feb, 2020
Det vert med detta kalla inn inn til årsmøte i Sandane sykkelklubb.
Fjæra Mat 21.mars kl. 1830.
Medlemer som ynskjer å melde inn saker til årsmøte må gjere dette til styret innan 8.mars
Etter åsmøte vert det middag. Eigenandel kr. 100,-. Påmelding til middag innan 13.mars
5
apr, 2019
Fellestrening herrar og damer:
Mandag (Stisykling) 18:00
Tysdag (landeveg) 18:00
Torsdag (MTB) kl 18:00
Laurdag kl 10:00 Langtur
Elles vil treningar utanom dei faste bli publisert på SandaneSK Facebook
Oppmøte fellestreningane er på Best-stasjonen på Dammen
27
feb, 2019
Dette var spørsmål som var sentrale på årsmøte førre søndag. Vi er difor nøydde å kalle inn til eit ekstraordinært årsmøte.
Søndag 24.mars kl. 1800 på BANO.
Bugnande pizzabord
Sakliste:
-styret-
17
feb, 2019
Årsmeldinga for 2018 finn du her
28
jan, 2019
19
sep, 2018
10
sep, 2018
Sykkelklubben opnar Pumptracken laurdag 22. september, og arrangerer i samband med det mange aktivetar i og kring Myklebustflata. Dette avsluttar Gloppen Kommune si «Europeisk mobilitetsveke» som blir synleg heile komande veke
Det blir offisiell snorklipping av klubbmedlem Knut Roger Nesdal (som tilfeldigvis er næringssjef). Som vi veit har kommunen ein stor del av æra for at PumpTracken er komen på plass.
I tillegg er det rebusløp i nærområdet for dei minste og frå grillen serverer vi utsøkte grillpølser 0g sjølvblanda saft.
Tord Hafnor tar ungar/ungdom med inn i grovsyklingens rike – på guida tur i Langisane-området. Mange klubbmedlemer er ivirige på Swift-rullene sine, og vi riggar til eit fullt oppsett slik at alle som vil kan få seg ein sykkeltur til ein storby.
Då kryssar vi fingrane for at metrologane tar kraftig feil med sine dystre verutsikter. Vi oppmodar alle i klubben til å kome – i drakt 🙂