29

feb, 2020

Årsmøte 2020

Det vert med detta kalla inn inn til årsmøte i Sandane sykkelklubb.

Fjæra Mat 21.mars kl. 1830.

Medlemer som ynskjer å melde inn saker til årsmøte må gjere dette til styret innan 8.mars

Etter åsmøte vert det middag. Eigenandel kr. 100,-. Påmelding til middag innan 13.mars

5

apr, 2019

Fellestreningane har starta





Fellestrening herrar og damer:

Mandag (Stisykling) 18:00

Tysdag (landeveg) 18:00

Torsdag (MTB) kl 18:00

Laurdag kl 10:00 Langtur


Elles vil treningar utanom dei faste bli publisert på SandaneSK Facebook


Oppmøte fellestreningane er på Best-stasjonen på Dammen

27

feb, 2019

Innkalling til ekstraordinært årsmøte / klubbkveld

  • Kven vil vere leiar?
  • Skal vi redusere styret frå 5 til 3 medlemer?
  • Kva skal til for å få fleire til å kome på fellestreningar?
  • Skal vi legge ned klubben?

Dette var spørsmål som var sentrale på årsmøte førre søndag. Vi er difor nøydde å kalle inn til eit ekstraordinært årsmøte.

Søndag 24.mars kl. 1800 på BANO.

Bugnande pizzabord

Sakliste:

  • Framtida til klubben
  • Val

-styret-

17

feb, 2019

Årsmelding 2018

Årsmeldinga for 2018 finn du her

28

jan, 2019

2019 Sesongen

19

sep, 2018

Pumptrackopning AVLYST

Etter å ha utsett arrangementet ei veke på grunn av det dårlege veret førre laurdag, ser styret seg nøydde til å avlyste også denne helga. Vi håpar å kunne ta oppigjen arrangementet til våren

10

sep, 2018

Opning av PumpTrack blir del av Europeisk mobilitetsveke

Sykkelklubben opnar Pumptracken laurdag 22. september, og arrangerer i samband med det mange aktivetar i og kring Myklebustflata. Dette avsluttar Gloppen Kommune si «Europeisk mobilitetsveke» som blir synleg heile komande veke

Det blir offisiell snorklipping av klubbmedlem Knut Roger Nesdal (som tilfeldigvis er næringssjef). Som vi veit har kommunen ein stor del av æra for at PumpTracken er komen på plass.

I tillegg er det rebusløp i nærområdet for dei minste og frå grillen serverer vi utsøkte grillpølser 0g sjølvblanda saft.

Tord Hafnor tar ungar/ungdom med inn i grovsyklingens rike – på guida tur i Langisane-området. Mange klubbmedlemer er ivirige på Swift-rullene sine, og vi riggar til eit fullt oppsett slik at alle som vil kan få seg ein sykkeltur til ein storby.

Då kryssar vi fingrane for at metrologane tar kraftig feil med sine dystre verutsikter. Vi oppmodar alle i klubben til å kome – i drakt 🙂

 

 

20

jul, 2018

Grenserittet

 

4. august går terrengrittet «Grenserittet» i Halden.
Rittet går i år for 20. gong! Ein kan velje ulike distanser: 40 eller 80 km.
Påmelding kan gjerast via ‭ https://www.grenserittet.com/
Minst tre ryttarar frå SSK vert å sjå på startstreken. Dei fer i minibuss ned dit på fredagen. Dei har plass til fleire. Ta kontakt med «turoperatør» Dag Arne Eide, ‭958 12 790‬ for meir info viss du vil henge deg på.

2

jul, 2018

God respons på flyktningsyklane

Mange har nok fått med seg gladsaka Sandane sykkelklubb hadde i sist Firda Tidend. Same dag kom denne hyggelege meldinga frå rektor ved Gloppen Opplæringsenter, Sonja Jordanger Loen:

Frå Svein Kristiansen sin FB-vegg

»Hei, ville berre seie tusen takk for sykkelgåva til dei einslege mindreårige ungdommane! Vart kjempeglad når eg las det i avisa i dag     Slike initiativ er verkeleg gull verdt! Hadde vore heilt fantastisk om ungdommane blei med og sykla i klubben. Og det at dei vert ynskte velkomne på denne måten er verkeleg flott. Kanskje nokon av dykk kunne ha invitert dei med på ein første sykkeltur også. Det er ofte den ‘dørstokk-mila’ og første oppmøte som er litt krevande for mange….ser vi….» 

I tillegg posta mangeårig STIL-leiar i ulike roller, Svein Kristiansen dette på veggen sin 

2

jul, 2018

Draktlageret på flyttefot

Magne (t.h) overleverer draktlageret etter ti år med ansvaret. Magne har den gamle trøya, medan Bjørn Inge har fått på seg den med dei nye logoane på.

Etter 10 år som draktansvarleg for klubben har Magne Moritsgård fått avløysing. Han har hatt draktansvaret i mange år etter at han sjølv gjekk ut av styret.

– No kom det ei ei ny ladning frå Trimtex, og vi har også fått eit nytt styre, så eg tykte det var på tide å overlevere ansvaret til nokre andre, seier Magne. – Det har ikkje vore så veldig mykje kjobb, men ein skal ha ein plass å ha det, og det har eg eigentleg ikkje. Siste tida har eg hatt det på jobb på Frydenbø, og medlemene kunne ha henta nye drakter her.

Draktlageret blir no heime hos nestleiar i klubben, Bjørn Inge Solheim. – Eg har rikeleg med plass og med plassering i sentrum skal det også no vere enkelt å få henta seg det ein manglar. Draktlageret er berre eit suppleringslager for dei som øydelegg eller mister delar av drakta i løpet av sesongen. Hovudbestillinga er på våren og sommaren, og medlemene må bestille det dei treng i dei bestllingsperiodane. – Det vi har på lager, er kun meint for dei som har eit akutt behov, og det det går mest av  – shortsar og trøyer. Prisane er dei same som om ein tingar direkte frå Trimtex, så dette er kun som ein service for medlemene våre, seier Bjørn Inge.

Klubben vil med dette takke Magne for flott innsats med draktlageret gjennom alle desse åra.

Vi minner også om utslaget av draktene med dei gamle sponsorlogoane. Sjå tidlegare innlegg.