28

jun, 2018

Billege drakter

Vi reknar med at alle som bestilte kle frå Trimtex i vår, har fått draktene sine.

Desse har ny design med Intersportlogo. Dei gamle hadde G-sport. Shortsar, hanskar og skotrekk er som før.Elite 2.0 sykkeltrøye herre

Klubben har også eit draktlager, og her sel vi no ut alle trøyene med dei gamle logoane til 400,-.

Ta kontakt med den nye draktansvarleg Bjørn Inge Solheim, bjorn.inge.solheim@gmail.com / 47453493

27

jun, 2018

Pump pump pump din sykkel…

NO er (nesten) alt ferdigstillt i Sandane PUMPTRACK.

 Når vi til neste år får sådd grasplen rundt asfalten, blir dette eit topp anlegg.

Rett før ferien vart vegdekket pumpa ferdig med lekker fin asfalt over dei herlege kule kulane i anlegget. Så legg i veg og pump. Leik og nyt. Ta med deg barnet i deg og eigne og andre sine barn og barnebarn og leik i veg.

Det er mange som har vore aktive på dugnad for å få til dette lekre anlegget. Men ingen har stått på for dette som Per Erik Eimhjellen. Så eit trefaldig

PUMP for Per Erik:

PUMP-PUMP-PUMP og så det lange PUUUUUMP
???‍♂??‍♀??‍♂⛽

 

Etter ferien vil Sandane SK arrangere eigen aktivitetsdag på og i området rundt Pumptacket 15/9.

Fram til då kan de pumpe i veg medan de pugger teksten på denne:
https://youtu.be/J0aSTW-asx0

Jørgen Bergset

27

apr, 2018

Turliste ut mai – oppdatert 27.04

Oppdatert turliste 2018

4

mar, 2018

Årsmelding Sandane Sykkelklubb

Søndag 11.mars kl 18:00 er det årsmøte i Sandane Sykkelklubb

 

Årsmelding Sandane Sykkelklubb 2017

5

feb, 2018

Årsmøte 2018

Sandane Sykkelklubb vil halde årsmøte søndag 11.mars kl. 18:00 i kantina på Bano.

Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet.

Agenda og sakspapirer vert sendt ut ei veke før årsmøtet

Vel møtt!

Styret i SSK

9

sep, 2017

Resultat Skarsteinsætra Opp

Vi sendte ein god gjeng til Olden på laurdag. 5 herrar og ei sprek dame. Stig Svalheim gjorde reint bord og tok sigeren med rekordtid! Han har vore nær før,men i år gjekk det med god margin!

 

 

        Ny rekord Her syklar Stig Svalheim frå Sandane sykkelklubb inn til ny rekord med tida 18,39. (Foto: Roger Oldeide)

Skarsteinsetra Opp sitt bilde.

6

sep, 2017

 

Bilderesultat for interval training cycle uphill funnyVi startar opp den tradisjonelle intervalltreninga i Austrheimsbakken i veke 37. Då er det tysdagene kl 19:00 som er hovuddagen for å skaffe seg klipp til gratis julebord. Vi har sagt at torsdagen òg kan nyttast for dei som absolutt ikkje kan på tysdagen. Jo fleire vi er samla jo «kjekkare» blir treninga.

Teljande oppmøte for å få gratis julebord er 11 av 14. Siste intervalldagen blir torsdag 15.desember. Julebord laurdag 16.desember

 

HUSK: GODT SYNLEG LYS PÅ SYKKELEN OG REFLEKSVEST

5

sep, 2017

Skarsteinsætra opp på lørdag 9.september

Praktisk informasjon 2017
Påmelding
Frist : 07.09.2017 kl 23:59
Påmelding konkurranseklassar via skjema under fana «påmeldingskjema» – www.oldenil.no
Alternativt: Odd Kjetil Tonning tlf: 481 67 062, e-post: olden@outlook.com. Husk å gje opp sykkel eller løp, klasse, fødselsår og klubb.

Startkontingent:
Konkurranse kr 250,- ved førehandspåmelding. G/J 13-14 år kr 100,-. Familie kr 350,-
Etteranmelding for 100 kr tillegg, seinast 1t før start.
Trimklasse : kr 100,- . Familie kr 250,- Påmelding ved start.

NB! Lisens: forsikringsordning som gjeld sykkelklassane. Alle som ikkje har betalt heilårslisens til Norges Cykleforbund må betale eingongslisens i tillegg til startkontingenten. Eingongslisens kr. 50,-. Betalast saman med startkontingenten til Olden IL kontonr 3770 20 32211

Start:

9. september 2017
Olden sentrum mellom Bunnpris og Yris Kafe
Trimklasse u/tidtaking kl 11:00-12:00
J/G 13-14 år og klasse 70+sykkel/løp kl 12:30
15 år og over sykkel/løp kl 13:15

 

Premiering:
Medalje til alle deltakarar i konkurranse- og trimklasse.
Uttrekkspremiar på startnummer
Pokalar i kvar klasse. 1/3 premiering
Spurtpris v/1,2km. Kr 500,- til beste jente, gutt, dame og herre. (ikkje viss det skulle vere kun ein deltakar i klassen)
Kr 3.000,- for løyperekordar (ikkje i G/J 13-14år)
Kr 1.500,- til beste tid G/J/D/H

3

sep, 2017

Kleiva Opp 2017

Arne Myklebust, Stig Svalheim og Svein Rune Aaland deltok på Kleiva Opp på søndag!

Stig Svalheim tok(som venta..) 1.premien. Han fekk til og med ny løyperekord: 27.10

Fine forhold på turen opp! Bilete viser samtidig pallen! Svein Rune 2.plass og Arne Myklebust 3.plass!

 

Photo

3

sep, 2017

Kåring av klubbmester 2017 Sandane Sykkelklubb

Etter siste øving i klubbmesterskapet kan vi kåre vinnarane i klassane herrar,veteran og superveteren. Ingen damer kvalifiserte seg i år.

Herrar: Øystein Kristiansen

Veteran Henry Hammersland

Superveteran: Arne Myklebust

Vi gratulerar vinnarane. Premie vert delt ut på klubbkvelden fredag 20.oktober