NO er (nesten) alt ferdigstillt i Sandane PUMPTRACK.
Når vi til neste år får sådd grasplen rundt asfalten, blir dette eit topp anlegg.
Rett før ferien vart vegdekket pumpa ferdig med lekker fin asfalt over dei herlege kule kulane i anlegget. Så legg i veg og pump. Leik og nyt. Ta med deg barnet i deg og eigne og andre sine barn og barnebarn og leik i veg.
Det er mange som har vore aktive på dugnad for å få til dette lekre anlegget. Men ingen har stått på for dette som Per Erik Eimhjellen. Så eit trefaldig
PUMP for Per Erik:
PUMP-PUMP-PUMP og så det lange PUUUUUMP
?♂
?♀
?♂
️
Etter ferien vil Sandane SK arrangere eigen aktivitetsdag på og i området rundt Pumptacket 15/9.
Fram til då kan de pumpe i veg medan de pugger teksten på denne:
https://youtu.be/J0aSTW-asx0
Jørgen Bergset