Pumptrack-bane på Myklebustflata

Sandane Sykkelklubb søkte i haust om tilskot til å lage ei pumptrackbane på Myklebustflata. Av Gjensidigestiftelsen fekk vi igår 155 000 kroner til eit slikt prosjekt! Dette er tenkt på arealet ved sidan av den nye klatreparken. Delar av området er i dag eit gruslag med ei form for sykkelløype. Denne vert lite brukt då den ikkje er utfordrande nok.

Ein pumptrack er ei sykkelløype med form som ei bobbane. Ei slik bane set krav til balanse, rytme og styrke av syklisten. Det unike er at dette blir gjort på ei veldig leikeprega måte med lavt skadepotensiale. Ein pumptrack er noko alle meistrar på ulike ferdighetsnivå og vil på sikt auke rekrutteringa til sykling spesielt og betre sykkelmeistring generelt.

images

 

Området rundt Sandane og i Gloppen kommune er perfekt for stisykling. Vi har alt hatt store reportasjar i sykkelmagasin om kor fantastisk vårt område er for stisykling. Når vi veit dette, er det naturleg for Sandane sykkelklubb å utvikle eit treningsområde nettopp fordi vi veit at mange vil bli rekruttert til denne type sykling.

 

Til no har Sandane sykkelklubb hatt eit sterkt fokus på landeveg- og terrengsykling. Vi ser at fleire og fleire no ynskjer å stisykle. Stadig fleire oppsøkjer naturen, og aldri før har skog , mark og natursport vore meir populært. Dette krev ferdigheter og trening for å meistre. I tillegg til å vere veldig i tida med naturbasert sport, innser og stadig fleire effekten aktivitet har på betre folkehelse. Den yngre generasjon må tidleg stimulerast til spennande utandørs aktivitetar.

 

Vi ynskjer å vere med på å tilrettelegge ei form for «sykkelutdanning» for stisykling. Det vil sei ei stegvis tilpassing til meir krevjande løyper.
Steg 1 Pumptrack i trygge omgjevnadar
Steg 2 Terrengtreningsløype
Steg 3 Stisykling på fjellet
Stisykling er meir utfordrande enn annan type sykling. Den vil krevje meir av den enkelte syklist og krevje trening. Vi ynskjer å bygge ein «Pumptrack», ei bane som introduserer born og unge til litt meir utfordrande sykling. Ved trening og meistring av denne type bane, vil gi dei betre sjølvkjensle og meistringsfølelse når dei tar steget opp på nivå 2 og 3. Treninga vil og ha mykje å sei for born og unge sin meistring av sykkelen når dei ferdast langs vegen til og frå heim-skule.

På nyåret vil vi ilag med STIL og Grovsyklarlauget sette oss ned og diksutere vegen vidare med dette prosjektet

pumptrack-sihlcity-121
Pumptrack