Pumptracken er ferdig!

Då er vi stort sett ferdig med pumptracen på Myklebustflata! Den vart veldig bra! På laurdag var vi over 20 personar som hadde dugnad. Tusen takk for all hjelp!

For dei som ikkje heilt veit kva ein pumptrack er, så er dette rett og slett ei sykkelløype med humpar og svingar som både vaksne og ungar kan nytte. I teorien treng ein ikkje å bruke pedalane,men ein skal bruke kulane og svingane til å «pumpe» seg framover.

Vi håpar at denne banen blir populær blant dei yngre og at dei vaksne kan utfordre seg sjølv i ei fartsfylt sykkelløype!

Førbels er bana stengt og inngjerda. Dette for at banen skal «sette» seg og bli så hard og stabil som mogleg før vi slepp innpå syklistar. Viss været tillet det kan vi opne om 14 dagar.

Vi vil oppfordre alle til å «passe på banen»! Vi ynskjer ikkje aktivitet som ikkje har noko med sykling å gjere her. Klatring på kulane og svingane vil øydelegge profilen på sykkelløypa.

Vil til slutt takke Roald Eidsheim i Rekkje Stiutvikling for glimrande hjelp, Grovsyklarlauget med Pål K Gimmestad i spissen, medlemane i Sandane Sykkeklubb, Folkehøgskulen, Henry Hammersland i Ramirent og Stian Solheim som vi fekk låne hageslangeuttaket av! Til sist må sjølvsagt nevne Gjensidigestiftelsen som har finansiert dette!

Offisiell opning av banen vil skje til våren

2016-10-22-15-08-56 2016-10-22-15-09-08 2016-10-22-15-09-12 2016-10-22-15-09-28