Årsmøtet vart halde på Gloppebua på søndag 9. mars. Styret fortset med dei same som førre år. Einaste nye namn er Jørn Lothe som no sit i valnemnda ilag med Henry Hammersland.
Etter årsmøtet hadde vi mellom anna diskusjonar rundt fellestreningane, klubbmeisterskap, Eidsfossen Grand Prix og Nordfjordrittet. Det vart diskutert om vi skulle endre klubbmeisterskapet. Det var semje å fortsette med Eidsfossen Grand Prix som ei av øvingane. Då er det den same løypa som vi har hatt dei fleste åra som gjeld. Når det gjeld det tradisjonsrike Eidsfossen Grand Prix-arrangementet, så vil vi flytte start/mål til området rundt Trebohus/Nomil.
Det var og semje om å bruke eit av dei lokale motbakkeritta som erstatning for motbakkerittet Dimma Opp. Skarsteinsetra Opp og Kleiva Opp vart nemnt. I Olden har fleire frå klubben vore med sidan dette motbakkerittet/løpet starta opp. Vi har følt oss svært velkomne i Olden, også til å gjennomføre lagsmeisterskapet vårt inkludert i dette arrangementet.
Fellestreningane startar opp 1.april. Liste ligg i menyen til venstre. Herretreningane er kl 18:00 på tysdag, torsdag og sundag. Vi held fram med opplegget med kaptein på kvar trening. Kapteinen har som oppgåve å leia treninga på ein trygg og sikker måte som er tilpassa dei oppmøtte. Nærare detaljar om dette kjem seinare. Dametreningane er ikkje satt opp enno, men vil bli lagt ut på menyen til venstre så fort det er klart.