Resultat Eidsfossen GP-klubbmeisterskap

Bra oppmøte på det fjerde klubbmisterskapet. Eidsfossen GP er å rekne som ein syretest av dei sjeldne. I år gjekk starten i eit fornuftig tempo iallefall, slik at det vart kamp om plassane inn mot Grasdalen. Løypene var greie i år,men sleipt var det i visse parti og folk fekk problem her og der. Verst gjekk det i nedkøyringa mot Eidsfossen Kraftverk, der ein gjekk ned og måtte diverre bryte med sterke smerter i skulder. Heldigvis har vi vaksne og ansvarlege medlemmar som tok seg av vedkommande på ein ypperleg måte. Dei tre stogga og fekk den skadde bort til målområdet igjen. Siste nytt frå vedkommande, er at han i pillerus er på veg til sjukehus for å sjekke skuldra. Vi ynskjer han god betring!

Resultat:

Herrar(4 rundar)

1: Øystein Kristiansen 34:33

2: Stig Svalheim 34:41

3: Jørn Lothe 34:51

4: Andreas Rauset 35:02

5: Per Erik Eimhjellen 35:03

6: Arne Nesgård 35:05

7: Mats Sollid Eide 38:27

DNF Ole Marius Gloppestad

Veteran(4 rundar)

1: Henry Hammersland

2: Arne Myklebust

3: Vidar Eide

Superveteran(3 rundar)

1: Jon Husabø Hansen 33:16

Damer(3 rundar)

1: Ragnhild Sollid Eide 34:51

2: Marit Skinlo 35: 55

Jenter Junior(2 rundar)

Malene MH 26:48

Gutar Junior(1 runde)

Simen Rauset 11:41

 

Einaste bilete sålangt er pall herrar:

20140824_185829