Ting fell på plass no ei god veke før rittet. Vi har leigd inn folk frå Hardbagg IL, Veten IL, Stryn Sykkelklubb, Olden IL, Breimsbygda Sykkel og Fjellhug Vereide IL til løypevakter m.m. I tillegg held vi på å fullføre arbeidet med å plassere stort sett eigne folk til følgebilane som Frydenbø stiller med. Vi har også andre frivillege til rundt 10 motorsyklar. Vi har fleire fotografar/filmfolk som skal brukast rundt løypa og på start/mål.
Samarbeidspartnarane våre er viktige. SFE og Hotel Alexandra er avgjerande pengebidragsytarar. Coop og TINE er svært viktige når det gjeld matservering i rittet og etterpå. Elles syner vi til nordfjordrittet.no når det gjeld fullstendig oversyn over alle dei viktige bidragsytarane våre.
Det er cruisebåt i Olden rittdagen, noko som set ekstra krav til vakter der. Enno er det usikkert om det blir sykling gjennom den nye tunnelen i Agjelda, og korleis vegstandarden vil bli i dette området. Elles har vi lagt ned store ressursar i tidtakarsystem, med mange mellomtider undervegs.
Alle som skal vere med i følgebilar og MC blir kalla inn til eit briefingmøte på Frydenbø torsdag 12.juni kl 20.00. Dei det gjeld vil få nærmare innkalling.
Alle klubbmedlemar stiller på dugnad/infosamling på Folkehøgslulen fredag den 13. kl 18.00. Dette gjeld også dei som skal delta i rittet, og dei av medlemane som er med i følgebilar. Flest mogeleg må også vere med på rydding/nedrigging etter rittet laurdag.
Rittleiar