Ulstein Nordea-rittet

Henry og Per Erik var idag med på UlsteinNordea-rittet. Spenningsmomentet i dette rittet er den berykta Leikongbakken. Her vert feltet skild med ein gong. Omtrent alle samla inn i bakken,men deretter vert det delt opp i fleire puljer. Henry karra seg opp i pulje 2. Per Erik måtte sleppe Henry og var i gruppa bak, ca 50 sek. Jagande for å nå igjen desse. Dette vart til ca 2 minutt ved målgong.

Henry 2.beste i aldersklassa.(1:47:19) Sterkt sykla av han! Per Erik 1:49:12(6.plass i aldersklassa)

Førde stakk av med sigeren.I eit tomannsbrot kom Thomas G Kristiansen til mål(1:44:02) 4 sekund før andremann. Sterk prestasjon av desse to.

Resultatliste

Fleire bilete