20

aug, 2017

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.Over 80 sprekingar møtte fram i yr og regn på Nordfjordrittet Ung+Trim+Mini 2017 og satte fres og farge på sistedagen i Sandanedagane 2017.

Dei kunne velge av 4 ulike løyper. Både små og store kosa seg i løypa! I mål fekk alle medaljar,premiar, fruktsmoothie og sjokolademjølk.

G-Sport lodda ut ein sykkel til ein verdi av 4000 kroner.

Klasse 5a på barneskulen vann 3000 kroner for mest deltakarar av klassane i kommunen!

 

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

 

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

 

 

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

Sandane Sykkelklubb sitt bilde.

30

mar, 2017

Drakter på lager

Her er ei oversikt over det vi har av drakter på lager.

Oversikta blir oppdatert fortløpande. Oversikta finn du i menyen «Om SSK/Drakter»

Medlemmane kan sjølve to gonger i året(haust/vår) bestille klubbdrakter direkte av Trimtex.

Det er Magne Moritsgård som er draktansvarleg i klubben. Ta kontakt med han viss du lurer på noko.

 

17

mar, 2017

Treningsleir Gran Canaria

I morgon reiser 7 av medlemene våre ned til Gran Canaria på treningsleir. Gjennom veka kjem dei til å sykle rundt 670km med 13960 høgdemeter. Rundt 35 timar på sykkelsetet! SSK har basen heilt sør på øya, Maloneras. Her har dei ei leiligheit med plass til alle.

Breimsbygda Sykkel skal òg nedover. Dei har basen sin i Puerto Rico(eit par mil vest for Maloneras)

Vi ynskjer alle ein god tur og håper dei får ei flott veke i eit meir sykkelvenleg klima!

Gc

Gc

Alternativ rute på kviledagen for dei som ynskjer det.

Gc

6

mar, 2017

Oppsummering årsmøte SSK

Då er årsmøtet for 2016 gjennomført og vi kan starte 2017-sesongen for fullt. Det var ingen innkomne saker utanom dei formelle som skulle behandlas. Nytt styre er på plass. Einaste endringa i styret er Jørgen Bergset, som no tar over for Ole Marius Gloppestad. Vi takkar Ole Marius for godt arbeid og ynskjer samtidig Jørgen velkomen inn som styremedlem!

Utanom gjennomgang av årsmelding og val, diskuterte vi litt 2017-sesongen.

  • Vi legg opp til å redusere antall treningar i turlista til herrane. Torsdag(landeveg) og søndag(MTB)
  • Damene skal ha same opplegg som i 2016,med unntak av at dei vil ha intervalltreningar i Austrheimbakken på mandagane. Onsdag(racer) og langtur på søndagane.
  • Styret kjem til å sette opp ei arbeidslister blant medlemmene på arbeid som klubben har gjennom året. Det vil seie:
    • arrangere klubbritt
    • arrangere ritt
    • arrangere julebord
    • administrere nettsider/facebook
    • administrere utlånssyklar/verkty/drakter
    • arrangere klubbkveld
    • mm

Då skal den/dei ansvarlege syte for at sitt ansvarsområdet vert gjennomført.

  • Mekkekveld på G-Sport så fort dette lar seg gjer. Typiske ting som skal ha fokus er:
    • Innstilling av gir
    • Skifte slangar/dekk
    • Reparere kjede
    • Justere bremser
    • mm
  • Oppstart fellestreningar vert søndag 2.april. Meir info kjem når turlista er klar.

Årsmeldingane finn det under menyen «Om klubben»

Årsmelding 2016

 

 

21

okt, 2016

Opptur- Florø 15.november

Sparebanken Sogn og Fjordane iniviterar til foredrag i Florø

 

Stein Ørn – Kjent som trenaren til Aleksander Kristoff, i samtale med Mads Kaggestad.

Roy Hegreberg – Primus motor for Tour de Fjords som kjem til fylket i 2017.

Terje Rognsø – Florø Fotball i Obos ligaen – korleis var dette muleg?

Kristian Kristensen
– Songar og låtskrivar kjent for landeplager som «Kan du lære mæ» og «Lyset».

Stad: Flora Samfunnshus, Kinosalen, Florø kl 18.00

 

Påmelding

Meir informasjon

orn

29

sep, 2016

Klubbkveld

 

Neste fredag har Sandane Sykkelklubb gleda å invitere medlemar til sosialt samvær og fagleg input! Vår «eigen» Ingrid Fjellestad kjem og skal snakke om prestasjonsernæring. Ho er utdanna ernæringsfysiolog.

Tema ho kjem inn på er:

  • Praktiske råd og vegleiing for å legge til rette for maksimal prestasjon i trening og konkurranse
  • Diskusjon kring treningsprinsipp og ulike treningsformer

                                               

 

 

 

 

 

 

Program:

  • Velkomen
  • Ingrid Fjellestad: Ernæring- er det så viktig då?
  • Mat
  • Nordfjordrittet 2017: Tenk over kva du kan bidra med til neste års arrangement
  • Utdeling av premiar i klubbmeisterskap
  • Fellestreningar 

Vi treng å vite kor mange som kjem i forhold til matbestilling. Meld inn til Per Erik på mob 93 04 38 58 innan søndag 16.oktober

 

Vel møtt kl 19:00 i kantina på SFE

 

 

 

19

aug, 2016

Resultat Eidsfossen Grand Prix 2016

God stemning på klubbrittet vårt igår! Fint vær og fine løyper.

Klassevinnarane i år:

G11: Mathias Rauset

Junior: Andreas Rauset

Herrar: Stig Svalheim

Vetran: Jørgen Bergset

Superveteran: Arne Myklebust

Fullstendig liste her

 

IMG_5745

 

Sigerpallen 2016

IMG_5737

Mathias og Andreas Rauset. Spreke brødre!!

IMG_5742

 

Fotograf Olav Henden

14

aug, 2016

Nordfjordrittet UNG-MINI-TRIM

Ca 60 store og små deltok på Nordfjordrittet UNG+MINI+TRIM søndag 14. august. Tusen takk til våre velvillege samarbeidspartnerar ‪#‎SFE‬ , ‪#‎TINE‬ ,‪#‎Frydenbø‬, ‪#‎GSport‬ Sandane, ‪#‎COOP‬ Extra Sandane, #Sparebanken Sogn og Fjordane ‪#‎Ramirent‬, og spesielt Sparebankstiftinga Sogn & Fjordane som støtta oss økonomisk slik at dette arrangementet vart gratis for alle som stilte opp!

Her ligg bilder tatt av KO Henden

Hovudpremien var ein Diamant Sykkel til ein verdi av 3000, levert av G-Sport Sandane.

 

 

 


2016-08-14 13.29.47
2016-08-14 13.38.22 2016-08-14 14.09.59
2016-08-14 12.21.40
2016-08-14 12.09.02 2016-08-14 12.08.39

 

4

apr, 2016

Fellestrening

Då er vi offisielt igong med 2016-sesongen. Damene har hatt fleire treningar allereie,mens herrane starta igår.

Det er viktig at vi set trafikktryggleiken i høgsetet:

ALLE skal ha lys på sykkelen sin på fellestreningane i regi av sykkelklubben! BAK og FRAMME! Dette skal ikkje vere bittesmå diodar med 2 år gamle batteri,men godt synlege lys. alle skal ha fått utlevert refleksvest og refleksband. Desse kan vi godt bruke på fellestreningane sidan vi ofte skal gjennom tunellar.

 

NCF har utarbeidet er sett med regler – 10 sykkelvettregler – Disse reglene er viktig verktøy for å redusere konflikten mellom bilister og syklister for økt sikkerhet.

Syklist meid ned og skjelt ut av rasende bilist – men hvem har skylden?
1. En sykkel er definert som kjøretøy. Alle kjøretøy, herunder også sykler, skal bruke kjørebanen i treningsformål. Syklende kan også bruke vegens høyre skulder jf. trafikkreglene § 4 og § 5.

2. Trafikkregler skal overholdes, hold til høyre og vis hensyn til øvrige trafikanter. Gi tydelig tegn om hvor dere skal.

3. Fakta om forbikjøring.
a. Syklende har rett til å kjøre forbi på høyre side og kan ved kø passere denne på vegens skulder jf. trafikkreglene § 5, § 12c og § 18-1.
b. Forbikjøring skal utføres uten å volde fare, hindre eller unødig forstyrre den forbikjørte jf. trafikkregler § 12-3. SLF og NCF anbefaler 1,5m avstand mellom bil og syklist ved forbikjøring.

4. Er det mange på trening – del dere i flere mindre felt på maksimalt 10-15 syklister.

5. Ligg maksimalt to i bredden og vis hensyn, slipp frem trafikken på passende steder om det dannes kø.

6. Sykling på gangsti og lignende skal foregå i tilnærmet gangfart, og syklisten har vikeplikt for de gående jf. trafikkreglene § 4. Er det naturlig og tilrettelagt for bruk av sykkelveg – vær konsekvent og la hele gruppen enten følge vegbanen, eller sykkelvegen.

7. Ved punktering og andre uhell som fører til stopp skal alle i gruppen trekke helt ut av vegbanen.

8. Ta hensyn til andre ryttere, hold jevn fart. Unngå unødige og plutselige endringer i feltet. Hold linjen din og ikke endre posisjon uten at du gir signal. Når du skal spise, legger du deg bakerst i gruppen.

9. Bruk alltid hjelm og godkjent lys – hvitt framlys og rødt baklys ved sykling i mørket.

10. Ikke stå på retten din for enhver pris, da det er du som taper og blir skadet ved ulykke.

28

feb, 2016

Årsmøte 2016

Minnar om årsmøtet neste søndag kl 18:00 i Bano si kantine på Øyrane.

Årsmelding 2015