25

aug, 2014

Samanlagtstatistikk klubbmeisterskap

Her er link til klubbmeisterskap statistikk 2014 der det er rangert topp-bunn sålangt

 

Tabellen under viser oversikt

 

[table id=9 /]

 

24

aug, 2014

Resultat Eidsfossen GP-klubbmeisterskap

Bra oppmøte på det fjerde klubbmisterskapet. Eidsfossen GP er å rekne som ein syretest av dei sjeldne. I år gjekk starten i eit fornuftig tempo iallefall, slik at det vart kamp om plassane inn mot Grasdalen. Løypene var greie i år,men sleipt var det i visse parti og folk fekk problem her og der. Verst gjekk det i nedkøyringa mot Eidsfossen Kraftverk, der ein gjekk ned og måtte diverre bryte med sterke smerter i skulder. Heldigvis har vi vaksne og ansvarlege medlemmar som tok seg av vedkommande på ein ypperleg måte. Dei tre stogga og fekk den skadde bort til målområdet igjen. Siste nytt frå vedkommande, er at han i pillerus er på veg til sjukehus for å sjekke skuldra. Vi ynskjer han god betring!

Resultat:

Herrar(4 rundar)

1: Øystein Kristiansen 34:33

2: Stig Svalheim 34:41

3: Jørn Lothe 34:51

4: Andreas Rauset 35:02

5: Per Erik Eimhjellen 35:03

6: Arne Nesgård 35:05

7: Mats Sollid Eide 38:27

DNF Ole Marius Gloppestad

Veteran(4 rundar)

1: Henry Hammersland

2: Arne Myklebust

3: Vidar Eide

Superveteran(3 rundar)

1: Jon Husabø Hansen 33:16

Damer(3 rundar)

1: Ragnhild Sollid Eide 34:51

2: Marit Skinlo 35: 55

Jenter Junior(2 rundar)

Malene MH 26:48

Gutar Junior(1 runde)

Simen Rauset 11:41

 

Einaste bilete sålangt er pall herrar:

20140824_185829

 

20

aug, 2014

Klubbmeisterskap Eidsfossen GP

FotoDet nærmar seg klubbmeisterskap! På søndag er det igjen duka for det tradisjonsrike og prestisjefylte Eidsfossen Grand Prix. I år det berre i samband med klubbmeisterskap det blir arrangert.

Løypa er den same som førre år, der vi startar nede på Eide(nær golfbana) for å så å sykle mot Kleivedammen,ned Grasdalen,vidare ned til Eidsfossen og opp igjen til mål/startområdet. 4 rundar for herrar, 3 rundar for damer/junior.

Starten går kl 18:00.Påmelding ein halvtime før start. Herrane startar fyrst og damer/juniorar startar like etterpå.

Det vil vere løypevakter i Grasdalen og på Kleivedammen.

 

14

aug, 2014

Minner om bestilling av sykkeldrakter

Torsdag 21.august er siste sjanse for å bestille meir sykkelklede. Gå inn på Trimtex si bestillingsside: www.teamorder.no og bruk fyrst teamkode «sandane2014» for å kome deg vidare til å opprette brukarnamn/passord. Så kan du bestille det du vil,betale med kredittkort og få sendt varene direkte heim til deg sjølv.

Ring Per Erik Eimhjellen viss du har spørsmål

7

aug, 2014

Bestilling av klubbdrakter

No er webportalen for bestilling av sykkeldrakter open for bestilling. Gå inn på www.teamorder.no. Bruk Teamkode «sandane2014» for å kome inn på sida. Så må du opprette ein brukarprofil for å kunne bestille.

Sida er open for bestilling fram til 21.august. Altså to veker frå idag av.

Levering i veke 40

7

aug, 2014

Rittinvitasjonar

Klosterrittet i Bergen 9.august

Flora Sykkelfestival 13-14.september

3

jul, 2014

Klubbmeisterskap-terminliste

No har Hardbagg IL sett dato for Kleiva Opp, som vi i år brukar som motbakkeritt i klubbmeisterskapet. Då kan vi legge resten av kabalen med fellesstart og Eidsfossen GP:

 

Eidsfossen GP-klubbmesterskap: Søndag 24.august

Motbakkeritt: Kleiva Opp: Søndag 7.september

Fellesstart: Tysdag 9. september(Kan flyttast til torsdag viss folk syns det er for tett mellom)

 

Det tradisjonelle Eidsfossen Grand Prix med/kongleritt går ut i år. Styret vil sjå på andre løyper til neste år. Klubben ynskjer i staden å ha eit barneritt på Sandanedagane 16.august nede i sentrum.

26

jun, 2014

Klubbmeisterskap samanlagt

[table id=9 /]

25

jun, 2014

Klubbmeisterskap-sykkelbyte

Foto

Minner om klubbritt i morgon torsdag kl 18:00 på Vereide!

Vi trekk ut ein vinnar av CatEye trådlaus sykkelcomputer!

Start, sykkelbyte og mål vert ved gravplassen på Vereide. Start kl 18.00. Først ei terrengrunde i skogen på Vereide, deretter landeveg. Første del går opp Ess-dalen der ein tek av på grusvegen opp til Åsebø, traktorveg th over bøen der og gjennom skogen mot Føleide. Løypa er merka vidare derifrå. Landevegsdelen er ikkje merka og er som følgjer: Ned Svingane, ut til Andenes, til høgre før brua (ikkje under den!) og inn på E39. Følgjer denne til Kleivedammen der ein tek av og syklar ned og gjennom Sandane sentrum, utover langs sjøen og oppatt Svingane til mål.
Starten går felles ved gravplassen. Terrengsykkel krevs på den fyrste delen. Her er tidvis krevande underlag. På landevegsdelen gjeld vanlege reglarfor fellesstart. Altså ingen tempobøylar eller tempohjelmar. Val av pedal er opp til den enkelte.

23

jun, 2014

Sognefjellrittet

Klubben har sagt seg villig til å dekke kostnadar på fellestransport til Sognefjellsrittet 5.juli. Kven har tenkt å sykle rittet? Typisk vil vi då leige ein minibuss med hengar. Ein er avhengig av det blir ei god handfull syklistar. Litt av poenget er at ein skal køyre ilag og ha det litt sosialt før og etter rittet) Så meld dykk på! Helge Roska er «man in charge»   Informasjon om rittet