Klubben har 4 syklar som kan lånast av medlemar. Låneperioden er satt til 3 veker,men kjem og litt an på etterspurnaden. Kontakt klubben på epost «post@sandanesk.no» eller til Per Erik 93043858.
Syklane har lys,lås,computer,kombipedalar(spd og vanlege pedalar) og ekstra slange.
Størrelsane er frå 46cm til 54cm.
Igår fekk Anguson frå Eritrea høve til å låne sykkel. Han er 17 år og veldig interessert i sykling. Han hadde aldri prøvd landevegsykkel, så Per Erik tok han med seg på ein tur igår. Dei sykla innover mot Kandalen og han ville aldri gje seg, men til slutt måtte Per Erik be han snu for at det ikkje skulle bli mørkt og kaldt før dei kom heim. Vi trena litt på å geare og bremse. Han syntes turen var utruleg kjekk.