Vi opnar pumptracken!

PUMPTRACK
Vi opnar no opp for sykling på pumptracken på Myklebustflata! Bana har fått tid på seg til å bli kompakt og stabil.

Men brukarane har eit ansvar å ta vare på bana:

  • Ikkje tillatt med grove dekk eller piggdekk!
  • Ingen ferdsel til fots i løypa!
  • Ingen harde bremsingar!
  • Foreldre med småbarn har eit særskilt ansvar med å passe på at ungane ikkje kjem inn på området her! Det er risikabelt når det er syklistar der. Samtidig skal det ikkje vere leik inne på området!
  • Ikkje kast boss inne på området! Bruk bossspann ved garderobebygget.

 

Sandane Sykkelklubb oppmodar alle brukarane om å tenkje tryggleik og å vere forsiktig!

 

GOD TUR!!
Mvh
Per Erik Eimhjellen
-leiar Sandane Sykkelklubb