Viktig melding til funksjonærar til NORDFJORDRITTET-MINI-UNG-TRIM

Då nærmar det seg Nordfjordrittet 2015! Vi har teke på oss å arrangere 3 arrangement i Sandane Sentrum noko som krev betydeleg meir funksjonærar! Vi håpar at alle som er sett opp på vedlagte liste har høve til å stille opp denne dagen! Det er viktig for klubben og for å promotere Nordfjordrittet, Nordfjordregionen og ikkje minst Gloppen.

Dei som skal sykle på laurdag må stille på dugnad på fredag på Folkehøgskulen kl 17 (rigging, mat, +++). Ellers er dei antatt raskaste syklistane sett opp på serveringsteneste for Olaug V. etter at dei har kome seg føre.

Sjåførar skal møte på Frydenbø onsdag (sannsynlegsvis) kl 20 for briefing. Magne Moritsgård er kontaktperson.
Dei som er sett opp i Sandane Sentrum ifbm med UNG+MINI+TRI møter seinast kl 11 på G-Sport, men sjekk lista for her er nokre sett opp frå 10!!!

Elles må vi bruke nokre som løypevakter på kritiske punkt i Sandane sentrum (Flølokrysset, Trademark-kryss (kun v/UNG+TRIM) og Austrheimskryss v/Statoil). Desse møter opp på G-Sport for utedeling av vestar++ bortsett frå dei som skal på 2. vaktskifte kl 1530 (Flølo og Austrh.) som møter på løypevaktspunkt. Løypevaktsplan blir forøvrig lagt ut her i løpet av dagen dag. Her skal FV og GHK bistå på strekninga Kleivedammen-Vereide.

Tilslutt; vi prøver å samle alle som har stilt på dugnad for Sandane Sykkelklubb på Gloppen Hotell etter at vi har rigga ned på laurdag! Dette blir frå kl 18 og utover, men sannynlegvis blir kl 20 før ein er ferdige på Vereide. Vi håpar flest mogleg kan vere med på dette – klubben stiller med sykkelburger og drikke til alle!

 

 

Her er liste SSK funksjonærar NFR 2015 (1) og kva arbeidsoppgåver ein har på fredag og laurdag.